
Innsikt
Kva skriv elevane ved Forfattarskulen? Kva skriv elevane ved Forfattarskulen?
Gratis sideprogram til DIFF
Kjøp billettKva skriv elevane ved Forfattarskulen? Det kan du finne ut no. Laurdag 13. september kl. 14 les dei tekstar dei har skrive i løpet av året.
Forfattarskulen er for skrivande med minoritetserfaring. Kurset er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk og har som mål å auke mangfaldet i litteraturen og motivere fleire til å delta i det offentlege ordskiftet. Til nå har omlag førti skribentar gått på skulen.
Finn deg ein kaffekopp og ein stol og høyr kva framtidas stemmer skriv på!
Den internasjonale Fossefestivalen
Arrangementet er ein del av sideprogrammet til Den Internasjonale Fossefestivalen 2025. Det er gratis å delta, men du må hente ut gratisbillett. Det gjer du her: Hent gratisbillett.