Historia om Rommen Scene

Det Norske Teatret hadde i lengre tid kjent veksesmerter i scenehuset nede i Kristian IVs gare 8. Samtidig var det eit ønske om å nå ut til nye publikumsgrupper som førte til at teateret i samarbeid med Bydel Grorud opna ei ny scene ved Rommen kultursenter.

23. januar 2019 kunne teateret opne sin femte spelescene på Rommen skole og kultursenter i Groruddalen. Kulturminister Trine Skei Grande var tilstades ved opninga, og seinare same kvelden entra rapparen og Romsås-guten Don Martin og Castro-brørne frå Groruddalen scenen, berre eit steinkast bortanfor blokkene dei fortel om i den kritikarroste framsyninga Blokk til blokk.

Teatersjef Erik Ulfsby og tidlegare kulturminister, Trine Skei Grande, klippar snora og erklærerer Rommen Scene for opna i 2019.
Teatersjef Erik Ulfsby og tidlegare kulturminister, Trine Skei Grande, klippar snora og erklærerer Rommen Scene for opna i 2019.
Don Martin, Jonathan og Felipe
Don Martin, Jonathan og Felipe "Fela" Castro blir intervjua av formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås før dei skulle spele framsyninga Blokk til blokk, som opna Rommen Scene.
Trine Skei Grande var selfie-dronninga som kulturminister, også på Rommen Scene.
Trine Skei Grande var selfie-dronninga som kulturminister, også på Rommen Scene.
Trine Skei Grande, XXX, XXX og XXX frå Oslo kommune poserer framfore logoen til Blokk til Blokk.
Trine Skei Grande, XXX, XXX og XXX frå Oslo kommune poserer framfore logoen til Blokk til Blokk.

I løpet av 2019 etablerte teatret seg i Groruddalen i samarbeid med gode lokale krefter. Intensjonen er å skape nye framsyningar med utgangspunkt i det kreative miljøet som veks fram i denne delen av byen, men òg å spele framsyningar som til vanleg går i repertoar på teaterets faste sentrum.

Blokk til blokk (urpremiere på Scene 3 i 2018) opna scenen og spelte for fulle hus utover våren. Foto: Dag Jenssen.
Blokk til blokk (urpremiere på Scene 3 i 2018) opna scenen og spelte for fulle hus utover våren. Foto: Dag Jenssen.
Dramatiseringa av Zeshan Shakars roman Tante Ulrikkes vei (som også ligg like ved Rommen Scene) med premiere i august same året, var den første produksjonen laga spesielt for Rommen Scene.
Dramatiseringa av Zeshan Shakars roman Tante Ulrikkes vei (som også ligg like ved Rommen Scene) med premiere i august same året, var den første produksjonen laga spesielt for Rommen Scene.
Like før årsskiftet var det premiere på den første framsyninga som var arbeidd fram i lag med yngre lokale krefter. SPKRBOX, som også stod bak Blokk til blokk, innleidde eit samarbeid med Stovner bokseklubb om framsyninga BEST.

Ungdom frå bokseklubben fortalde frå sine eigne liv, og framsyninga fortalde slagkraftig om det å finne sin eigen identitet.
Ungdom frå bokseklubben fortalde frå sine eigne liv, og framsyninga fortalde slagkraftig om det å finne sin eigen identitet.

Alle framsyningane handlar på ulikt vis om det å vekse opp i Groruddalen, og har nådd eit stort publikum. Det har vore litteraturkveldar i regi av Don Martin frå Haugenstua og framsyninga BEST i samarbeid med Stovner bokseklubb.

I 2020 hadde teateret premiere på Linje 5, som var utarbeida på Rommen, med manus av både Don Martin og Zeshan Shakar. Denne framsyninga belyser gjennom ei rad hendingar på ein T-bane både politiske og samfunnsaktuelle problemstillingar.

I tillegg har Det går betre no (av og med Bjarte Tjøstheim) og Abrahams barn (av og med Svein Tindberg) vore vist på Rommen, i tillegg til gjestespelet All of me om Billie Holiday (av og med Kim Fairchild) tatt turen frå Det Norske Teatret i Kristian IVs gate opp til Rommen.

I 2021 har teateret oppretta ei eigen leiing for Rommen Scene med koreograf Belinda Braza som kunstnarleg leiar.
På Rommen Scene spelar vi teater på nynorsk, dialekt og sosiolekt.