Terningkast seks

«Tani Dibasey viser en ny vei for norsk teater»

Når folk payer 1,5k for å bli diagnostiserte med ADHD og får antidepressiva for det heimlandet kallar «a lot of energy», og fattern hamnar på psykiatrisk på grunn av kulturelle forskjellar, så har noko gått jævleg gale.

Den legendariske terapeuten og filosofen professor Nimbasa Saykoluhjee seier: “If you are suffering from depression, leave Norway”. I SAYKOLUHJEE møtest ein gjeng frå the african community for å reflektere kring om psykisk helsevern i Noreg berre er skapt for den øvre kvite middelklassa, og forsøke å forklare kvifor ADHD er “a lot of energy” og eteforstyrring “is being poor” i Ghana.

SAYKOLUHJEE har nytt innhald og rigg kvar framsyning, og dei har spelt i gangane, i bakrom og på do på bl. a. SALT, Hos Arne, Lut/Laget, Hjemme hos io, VEGA kino, Cornerteatrets kontor i Bergen, Gamle Norges Bank og no i fojaeen, og kanskje nokre hemmelege rom, på Det Norske Teatret.

NB! EXTENDED MODE inkluderar ekstra performance eller party etter framsyninga.

Les meir...

Kjøp billett

Vel speledato for Saykoluhjee

Finn ut meir