Kvifor er tanken på rask tilfredsstilling så vanskeleg å stå imot, når ein både inst inne og ytst ute veit betre?

Stadig fleire av oss strever med utsettingssyndrom, stress og dårleg samvit, fell for freistingar som torpederer dei langsiktige måla våre, og sjekkar Facebook annakvart minutt. Vi liker Netflix, sukker og smelta ost.

Samstundes veit vi at dei som er i stand til å legge band på seg, vente på eit gode og planlegge for framtida både er meir vellykka i yrkeslivet, lykkelegare i privatlivet og har betre fysisk og mental helse. Så kvifor klarar vi det ikkje? Kvifor er det den primitive delen av hjernen som vinn?

Operasjon sjølvdisiplin er framsyninga for deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internettavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkeleg tufs i tidsklemma. Det er ein praktisk og vitskapleg fundert guide til korleis du kan overvinne distraksjonar, slutte å prokrastinere, etablere gode kosthalds- og treningsvanar og gjenvinne impulskontroll.

Kort sagt: Lære å bli ein strålande representant for menneskeslekta.

Skodespelar Kjersti Aas Stenby har ein master i skodespel frå KHIO (2017) og ein bachelorgrad frå Akademi for Scenekunst i Fredrikstad (2013). Ho har sidan 2013 arbeidd som frilans skodespelar i ulike prosjekt og konstellasjonar. På Det Norske Teatret hadde ho si første rolle i Mare av Lisa Lie.

Dette er andre gongen regissør Ingrid Weme Nilsen omarbeider ei av bøkene av Agnes Ravatn, sist var det Fugletribunalet som fann vegen til scenen på Det Norske Teatret med hennar hjelp.

Agnes Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og har markert seg som ein skarp, vittig og satirisk observatør av menneskeleg svakheit med sine mange essay i Dag & Tid og Dagbladet. I 2007 romandebuterte ho med Veke 53.  Framsyninga Fugletribunalet, basert på boka med same namn, spelte på Det Norske Teatret i 2015—16. No er det den praktiske sjølvhjelpsboka Operasjon sjølvdisiplin som finn vegen til scenen.

Finn ut meir