Om natta. Når alle søv. Og drøymer om det dei drøymer om. Da kjem Boba.

Boba riv ned alt han ser. Markiser, lyktestolpar med meir. Han er trettito meter høg, berrføtt, pelskledd.

Ingen veit det.

Ingen ser det.

Alle søv gjennom drønna.

Unntatt éi.

Når alle sover er ei magisk forteljing om eit uvanleg vennskap og om utfordringane ein står overfor når ein har med digre, pelskledde monster å gjere.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM

Passar frå 3 år.

Framsyninga er basert på bildedboka med same namn skriven av Nicolai Houm med illustrasjonar av Rune Markhus, gitt ut på Gyldendal Norsk Forlag.

Gjestespel, produsert av Unge Viken Teater i samarbeid med Teater Joker.

Av
Nicolai Houm (forfattar) og Rune Markhus (illustrasjonar) Manus Niels Peter Underland, Amalie Ibsen Jensen og Patrick Børjesson etter ein idé av Gjermund Andresen Medskapande utøvarar Patrick Børjesson og Amalie Ibsen Jensen Regi Niels Peter Underland Scenografi og kostyme Gjermund Andresen Komponist Raymond Enoksen Figurdesign og figurmakar Anna Granberg Dramaturg Hilda Levin

Kjøp billett

Vel speledato for Når alle sover

  • Utseld
    Kjøp billett
  • Ledige billettar