Når John og hans mannlege sambuar tek ein pause, møter han tilfeldigvis kvinna i sitt liv. Dette er utgangspunktet for «Kuk» – ein skarp og vittig studie i seksualitet, identitet og om vanskane som oppstår når ein innser at ein har eit val.

Dramatikar Mike Bartlett skriv både for teater, radio og tv, og har vunne fleire prisar. Han har m.a. vore Writer-In-Residence ved National Theatre i London. Bartlett er kjent for smarte, kvikke dialogar, morosame innfallsvinklar og høgt tempo.
«Cock» har blitt spelt for fulle hus i New York og London, og hadde noregspremiere på DNS i 2020.

Med Kristian Berg Jåtten, Knut Erik Engemoen, Kristi-Helene J. Engeberg og Svein Harry Schöttker-Hauge.

Finn ut meir