In Search of Democracy 3.0
Ei energisk og interaktiv framsyning om demokrati!

Viss vi vil fordele makt på ein rettferdig måte, må noko bli endra. Men kva – og korleis? Bli med på ein morosam og interaktiv demonstrasjon av demokrati i praksis!
På tide å oppgradere demokratiet?
Pandemi, polarisering, pengemakt, fremvekster av autoritære regime og veksande mistillit til politikarar: Det internasjonale nyhetsbildet har vore nedslåande å følge med på dei siste åra. I Noreg er vi så heldige å bu i eit land der demokratiet har gode kår generelt. Samtidig kan lokalt demokrati bli prega av avmakt i møte med nasjonale og globale utfordringar.
Viss vi vil fordele makt på ein rettferdig måte, må noko endrast. Men kva – og korleis? Om det gamle Hellas representerte «Demokrati 1.0″, og dagens representative demokrati er «Demokrati 2.0», er det kanskje på tide med ein oppgradert versjon, Democracy 3.0?
Energi, humor og medvirking
Denne framsyninga byrjar med ei forteljing om demokratiets opphav – som kanskje vil overraske mange – og held fram gjennom dagens utfordringar mot ei mogleg framtid. Skodespelarane forheld seg heile tida aktivt til publikum, som kan bidra med eigne innspel eller gjennom avstemming.
In Search of Democracy 3.0 er ein del av eit større, undersøkande kunstprosjekt som ser på korleis lokal medbestemming i kan bli praktisert i ei stadig meir globalisert verd. Høyrest det komplisert ut? Vi gjer det enkelt! Denne framsyninga demonstrerer og forklarar konseptet demokrati i ei konkret og kvardagsleg setting som alle kan delta i!
Konsept Company New Heroes Kunstnarleg rådgjevar Lucas de Man (Company New Heroes) Instruksjon Thomas Østgaard Musikk Niels Kuiters (Company New Heroes) Manus Oukje den Hollander og Isil Vos (Company New Heroes) Medskapande utøvarar Jarl Flaaten Bjørk, Marthe Sofie Løkeland Eide, Bendik Østbye Johannessen, Andrea Vik, Marina Popović, Anders Rummelhoff Produsent Malin Østli Turnéleiar og teknikar Knut Håvard Lilleheier
In Search of Democracy 3.0 er utvikla av kompaniet New Heroes og produserast i ein lisensiert, norsk versjon av Østfold Internasjonale Teater.
Kjøp billett
Vel speledato for In Search of Democracy 3.0
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar