Kan ein ofre eitt menneske for å redde dei mange? Teksten i rommet står i fokus når skodespelar Kirsti Refseth og kontrabassist Roger Arntzen framfører årets Nobelprisvinnar i litteratur sin versjon av Euripides kraftfulle og aktuelle drama.

Skodespelar Kirsti Refseth og kontrabassist Roger Arntzen tek oss med tilbake til eit av antikkens største drama om krigens evige dilemma. Kan det forsvarast å ofre eitt enkelt liv for å redde tusenvis?

Ifigenia i Aulis
er det siste bevarte verket av den greske dramatikaren Euripides, og blei skrive mellom 408 og 406 f.Kr.
Dramaet fortel historia om Ifigenia og korleis ho blir ofra til gudinna Artemis av sin eigen far, Kong Agamemnon, for at den greske hæren skal få vind til å sette segl mot byen Troja.
Agamemnon og bror hans Menelaos gjekk til krig mot Troja fordi prins Paris hadde stukke av med kona til Menelaos, den skjøne Helena. Men hæren blei liggjande verfaste i Aulis. Ikkje eit vindpust.
Ein sjåar sa, at om han ofra dotter si, Ifigenia, så skulle den greske hæren få vind i segla for å kunne dra ut og vinne krigen.

Betal det du vil*

*Du bestemmer prisen!
Frå nyttår til og med 1. mai blir heile repertoaret på Scene 3, med unntak av gjestespel, lagt inn i ein ny og annleis pristabell. Da er det du som publikummar som avgjer kva du vil betale for billetten. Vi har fleire ulike prisklassar å velje blant, og ingen vil sjekke kven som betalar kor mykje.