Kvifor bringe nytt liv inn i ei øydelagd verd? Tre inn i ein cyber-gotisk feberdraum om fødsel, Big Tech, kunstig intelligens og håp.

I ein høgteknologisk bunker stolar ei gravid kvinne blindt på ein kunstig intelligens, som rettleiar henne gjennom svangerskapet. Ho mistar raskt grepet om verkelegheita, og fell ned i eit hol av desperasjon og eksistensiell panikk.

Utanfor bunkeren planlegg opprørske hackarar å sabotere THE CORE, ein kunstig superintelligens som har tatt full kontroll over den øydelagde jorda.

Kvinna i bunkeren får besøk av eit mystisk spøkelse frå framtida, som prøver å endre fortida si: «Profetien seier at ein frelsar skal kome, som skal sameine menneske og maskin, og vise oss vegen inn i paradis.»

Historia utviklar seg vidare inn i ein feberdraum om nytt liv, kunstig superintelligens og mennesket si urokkelege tru på at det finst håp.

Futuristisk opera

Hopecore er ein heilt ny futuristisk opera av Only Slime, ein tverrfagleg duo som arbeider i krysningspunktet mellom opera, elektronisk musikk, dataspel, scenekunst og installasjonar. Den prisvinnande dataspeloperaen deira AFTERLIFE blei kåra til ein av dei 25 beste scenekunstproduksjonane dei siste 25 åra av Klassekampen og Norsk Shakespearetidsskrift.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Scenespråk: Nynorsk og Engelsk
Teksting: Nynorsk og Engelsk
Det er bruk av høg lyd, scenerøyk og blinkande lys.

Finn ut meir