Terningkast fem

«imponerer med solid stykke skrivekunst, i en roman som er fort lest, men sent glemt»

«confirms Strout as a powerful storyteller immersed in the nuances of human relationships, weaving family tapestries with compassion, wisdom and insight»

Ei klok og vakker utforsking av familieliv og kjærleik.

Lucy Barton ligg på sjukehus. Plutseleg ein dag sit mor hennar ved sjukesenga. Det er lenge sidan dei har sett kvarandre; etter at Lucy gifta seg har dei knapt hatt kontakt. For å få dottera til å roe seg begynner mora å fortelje historier om menneske i småbyen dei kjem ifrå, om skikkelsar dei begge ein gong kjende. På same tid fortel Lucy si eiga historie om ein oppvekst i ein vanskeleg familie.

Eg er Lucy Barton utforskar krafta som ligg i forsoning og tilgiving.

For første gong på eit norsk teater kan publikum oppleve Elizabeth Strout sitt univers. Den Pulitzerprisvinnande forfattaren er kjent for å skildre vanlege folks følelsesliv med varme, djupne og kompleksitet.

Framsyninga er eit gjestespel frå Teater Vestland.

av Elizabeth Strout Dramatisert av Rona Munro Omsetjar Terje Lyngstad Regissør Kristina Kjeldsberg Co-regissør Ingvild Lien Scenograf Christina Kvamme Musikk/lyddesign Terje Johannesen Videodesignar David Lejard-Ruffet Lysdesignar Kristoffer Nicolaysen
MED Idun Losnegård

Kjøp billett

Vel speledato for Eg er Lucy Barton