Diamond planet

Det bygger opp til tredje verdskrig, kloden vår brenn (bokstavleg talt) og verdas økonomi er i ferd med å falle saman.
Likevel skal Tani Dibasey og tre anerkjente skodespelarar frå kvar sin generasjon forsvare yrket sitt, i håp om å unngå å snakke om kva som skjer i Gaza, Sudan, Nigeria, Libanon, USA og klimakrisa (som er det framsyninga eigentleg handlar om).
Skodespelarane prøver å finne ut korleis vi som kultur og folk i Norge kan relatere oss til alt som skjer ute i verda, og om det i det heile tatt er noko vi er i stand til å ta innover oss, når alt vi gjer blir blir til underhaldning. Det er jo fuckings tredje verdenskrigstemning og vi klikkar av at latten vår ikkje er laga av organisk havremjølk, kva er det som skjer!?!?
JOIN DESSE FIRE FOR Å UTFORSKE KORLEIS VI SOM SAMFUNN ELLER KULTUR KAN TA STILLING TIL MEIR ENN OSS SJØLVE. VI MÅ TA STILLING. VI MÅ SAMLAST. VI MÅ REFLEKTERE. Så finn padleårene, og la oss ro vekk frå vår kjære vakre, kalde og uforståelege kalde DIAMOND PLANET.
** DIAMOND PLANET er skapt gjennom ein random word generator med referansane "norway, oil, money, brown cheese, fjords, privilege, boats and granca"
INFORMASJON TIL PUBLIKUM Det er dessverre ikkje mogleg å ha med seg rullestol på denne framsyninga, og IR-anlegget vil heller ikkje fungere. Framsyninga går nemleg føre seg litt rundt omkring på huset.
Framsyninga blei først produsert av Tani Dibasey ved Tou Scene i samarbeid med Flo Fagerli, Eili Harboe og Nina Ellen Ødegård.