David og Jonatan
av Carl Morten Amundsen

Med eit kritisk blikk på det kristenkonservative miljøet i Noreg, tar framsyninga eit oppgjer med dei drepande konsekvensane av ikkje å kunne elske fritt.
Framsyninga er oppkalt etter det 20. kapittelet i Første Samuelsbok i Det Gamle Testamentet, som fortel historia om den djupe kjærleiken mellom gjetarguten David og kongssonen Jonatan. Med parallellar til Bibelen blir det fortald ei historie som handlar om kjærleik så sterk at den overlever barrierar i samfunn og tru.
I framsyninga møter vi David, som kvar kveld låser seg inn i ei tom kyrkje der han får besøk av den avdøde kjærasten Jonatan. Her har dei den same samtalen igjen og igjen; vi får innblikk i parets utfordrande fortid, prega av traumatiske erfaringar med homoterapi og oppvekst i eit kristen-tyrannisk miljø. Men denne kvelden blir annleis, da Jonatan for første gong avslørar den verkelege grunnen til at han døydde.
Dramatikar Carl Morten Amundsen Regissør Maud Monceyron Jonassen Skodespelarar Knut Anders Sørum, Andreas Koschinski Kvisgaard Komponistar Knut Anders Sørum, Knut Bjørnar Asphol Lysdesignar Kyrre Heldal Karlsen Plakatfoto Taras Bezpalyi
Framsyninga er produsert av Det Norske Fosse-kompaniet i samarbeid med Kulturkirken Jakob, og er støtta av Oslo kommune, Fritt Ord, Bergesenstiftelsen, Oslo Teatersenter, Det Norske Komponistfond, Fond for frilansere, Fond For Utøvende Kunstnere og Kulturrådet.
Video på nettside produsert av: Musikk i Innlandet.