Medea er Evripides mest kjende tragedie, og handlar om hekateprestinna, trollkvinna og halvgudinna Medeas vreide etter at ho oppdagar at ektemannen Jason har vore utru og vil gifte seg med ei anna. Medea har ofra alt for å vere med Jason, ein hjelpelaus leiar for Argonautane, som ho har hjelpt til siger da ho blei forgifta av kjærleik som eit ledd i gudane sitt spel, forlate landet sitt og forrådt sin eigen familie. Det finst mange ulike versjonar av myten om Medea, berre i dei siste drep ho sjølv barna sine. I evolusjonsbiologisk forstand gir det inga meining for ei mor å ta livet av barna sine som hemn over ein tidlegare partnar, slik menn kan gjere.
Bakgrunnsartikkel
Medea kort fortalt
Mare bygger mellom anna på det det antikke greske dramaet Medea av Evripides. Det blei første gongen framført under ein av dei segnomsuste Dionysosfestane i år 431. f.kr., og var 1900-talets mest spelte tragedie.