Ytring

Velkommen til hausten på Det Norske Teatret!

Etter ein amputert teatervår er det all mogleg grunn til å gle seg til ein heftig teaterhaust på Det Norske Teatret.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Sommarferien er snart her. Men før alle skal gå Besseggen, telte i Lofoten, eller besøke Aasentunet i Ørsta, er det grunn til å gle seg litt over at når sommaren er slutt, så er teaterbesøket igjen mogleg. Sjølv om det har vore krevjande å sette saman repertoaret, så er det stor breidde og god variasjon over titlane vi kan legge ut for sal i dag.

For første gong i historia samarbeider vi med sjølvaste Nasjonalballetten. Maja Lundes Bienes historie har sett spor over heile verda, og med god grunn. Forteljinga om korleis ein kollaps i ein tilsynelatande liten del av økologien kan ende opp med å true alt liv, har fått ytterlegare aktualitet. Vi kjenner oss meir sårbare enn vi gjorde før, og denne storsatsinga handlar om sårbarheit på mange plan.

Ikoniske Tolvskillingsoperaen får også ny aktualitet gjennom iscenesettinga til Tore Vagn Lid, og eitt av verdas viktigaste lydspor kjem via Vikla inn i blått - Bob Dylan på nynorsk! Alt dette på Hovudscenen. På Scene 2, Scene 3 og på Rommen Scene gler vi oss til å presentere eit stort og variert repertoar, med sterke reginamn over heile linja. Dette er første sesongen der alle dei fire husregissørane våre vil prege repertoaret, og er slik et kunstnarisk frampeik på neste femårsperiode.

Det er meir komplisert å ønskje velkommen enn vi skulle ønskje. Smittevern, avstandsgrense, forsamlingsgrense. Vi har kjapt lært oss ei rekke omgrep som vi tidlegare hadde eit ikkje-forhold til. No må vi ta alt dette på stort alvor.

Teateret er ein stor og viktig møteplass. Tida vi har vore gjennom har lært oss noko om verdien av denne plassen. Verdien av fellesskap, av å ta på kvarandre, av å sitte ved sida av kvarandre, av å dele ei fysisk oppleving. Sjølv om vi nok har oppdaga nokon nye moglegheiter i teknologien, har vi kanskje lært endå meir om kva han ikkje kan tilby. Den erkjenninga styrker oss i trua på teateret si framtid.

Vi er glade for den gode dialogen vi har hatt med dykk gjennom desse krevjande månadane, og svært glade over at undersøkingane våre viser at de gler dykk til å komme tilbake. Gleda er på vår side. Velkommen tilbake til teateret!

Men før den tid: Riktig god noregsferie!