Ytring

Ein historisk dag!

Viruset slepper endeleg jerngrepet om Oslo.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Byrådet melder i dag om at vi er inne i ein ny fase. Kulturlivet kan, om enn i eit lite format, starte å røre på seg igjen. Og vi er gira på opplevingar – i fellesskap. På Det Norske Teatret har eit tolmodig ensemble brukt vinteren og våren til å lage tidenes sesong.

Vi kliner til på denne sida av sommaren med ein musikalsk urpremiere under Iren Reppen si leiing, eit etterlengta gjensyn med Slåttekar i himmelen, eit ungdommeleg brus frå undergrunnen i Linje 5 og vandreteater i bykjernen med den talande tittelen GÅ.

Som ei ekstra gåve til eit hardt råka teaterpublikum legg vi i dag ut alle titlane i haustens repertoar for sal. Hausten blir ein svir! Vi skal gjere alt vi kan for å stille saknet etter teateret. I omfang er det faktisk nesten heile to sesongar som teppet no går opp for. Vi opnar kulturhuset og møteplassen Det Norske Teatret med eit sug etter å fylle teateret med folk. Gjennom heile perioden vi har vore stengd har vi halde drifta oppe, motet like så. No er vi klare for å dele opplevingar med dykk.

Vi opnar hausten med framsyninga som har venta lengst på publikum. Med Tore Vagn Lids Tolvskillingsoperaen er vi visse om at taktslaget for hausten blir tydeleg og solid. Framsyninga fekk premiere 14. november, berre fire dagar etter at teateret blei stengt, og skodespelarane har tolmodig pussa, halde ved like og forbetra framsyninga som tek kunstig intelligens inn i scenerommet.

Så går det slag i slag.

Tett med premierar i august

På Scene 2 er Are Kalvø i sitt ess når han går gjennom musikkhistoria og VG-lista dei siste 40 åra. Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas? Are Kalvø trur kanskje det.

I løpet av august kjem også Lehmantrilogien opp på Hovudscenen. I Maren Bjørseths smarte regi skal vi gjennom 150 år med familiedramatikk, kapitalismehistorikk og ein solid finansskandale. Seks skodespelarar gjer dei nesten fire timane til ein teatral leik, det kjennest nesten som å «binge» ein serie. I pausen vil du berre inn for å sjå neste akt.

På Scene 2 gjer Iren Reppen seg klar for siste del i serien Det e hardt å vere…. Denne gongen er det bitch. Ho tar for seg makt og kva makt kan gjere med folk. På scenen har ho med seg dyktige musikarar og det er duka for ein musikalsk kveld med brodd.

Den internasjonale Fossefestivalen

I september er det Den internasjonale Fossefestivalen som vil prege teateret. Det er kanskje eit vågestykke å planlegge for gjester frå Europa, men vi har trua på at det skal la seg gjennomføre når vi er komne så langt. På Hovudscenen opnar vi med Oresteia. Framsyninga er i regi av Eirik Stubø, som saman med sitt solide kunstnarlege lag nok ein gong gyv laus på ein klassisk tekst gjendikta av ein av vår tids største dramatikarar, Jon Fosse. På Scene 2 er Johannes Holmen Dahl i gang med Sterk vind, eit nytt stykke av Jon Fosse, som får urpremiere under festivalen. Vi kan vente oss eit velkomponert scenerom med tre av landets finaste skodespelarar under Dahls stramme regi. Iram Haq gjer sin teaterdebut som regissør på Mari Hesjedals Sov ikkje på Scene 3. Fossefestivalen har som mål å undersøke korleis Fosse påverkar nye og kommande generasjonar forfattarar. Kanskje får vi nokre svar her? Det blir uansett eit spennande møte mellom regissør og dramatikar som vi ser fram mot. I tillegg arbeider vi for eit gjensyn med Trilogien og med gjestespel frå Slovakia, Belgia, Danmark og Hellas, og legg opp til eit innhaldsrikt og variert sideprogram med alt frå faglege seminar til mat, kjærleik og humor i laus tilknyting til Fosse og Vestlandet.

Fleire premierar i september

I september får også den nye sceneteksten til Frode Grytten, Inn frå regnet urpremiere på Scene 2. Lasse Kolsrud har eit solid grep om historia om mannen som nektar å flytte frå det flaumramma huset sitt. «Alt er politikk», hevdar han og kritiserer den manglande beredskapen til regjeringa.

Om mus og menn er neste framsyning som får premiere på Hovudscenen. John Steinbecks moderne klassikar frå eit Amerika i krise, er kjent stoff for mange. I Eirik Stubøs regi blir vi sett tilbake til mellomkrigstida i det rurale USA, der forskjellane er store og toleransen for å vere annleis fråverande. Historia om dei to lausarbeidarane George og Lennie er både ubehageleg og vond. Det er ei kjenslelaus verd der kampen for tilværet er hard.

Ny norsk dramatikk

For dei aller minste kjem storsatsinga Snøsøstera på Hovudscenen, signert Maja Lunde og Lisa Aisato. Historia om den vakre og såre vennskapen mellom Hedvig og Julian borgar for magi og julestemning – i regi av Alan Lucien Øien. Dette er ei satsing som vi verkeleg gler oss til å vise fram.

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hanssen er to herrar som med si nysgjerrigheit og undring har skapt nærast sin heilt eigen sjanger i norsk teater. Gjennom deira kloke og reflekterande omgang med religiøse spørsmål og tekstar har dei trekt eit enormt publikum til teatersalen. Ordet av Kaj Munk var starten, sidan har dei arbeidd med mellom anna Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og sist Abrahams barn, ei framsyning som framleis står i repertoaret vårt, ti år etter at ho hadde premiere. Ei bragd! Gudspartikkelen er tittelen på den nye monologen til Svein, eit møte mellom trua og vitskapen.

På Scene 3 skal Arne Næss og fjellets løyndom endeleg få glede eit publikum. Den uregjerlege og alltid leikande filosofen har fascinert regissør Ludvig Uhlbors i årevis. I denne muntre og velspelte framsyninga kjem filosofens kjærleik for naturen og kva vi menneske er i ferd med å øydelegge tydeleg fram og set vår plass i tilværet i perspektiv.

Den minste engelen er tittelen på nok ein Scene 3-produksjon som er arbeidd fram denne våren, og som får premiere til hausten. Unge, talentfulle Rebekka Nilsson har regien på historia om Mikel, ein liten engel som oppdagar at det er uro i paradis. Mikel må finne ut kven han er, kva han står for, kva som er rett og gale. Framsyninga er eit tilbod for barn i alderen 9 til 12 år.

Europeisk dramatikk

Vidare på Scene 3 er det rom for Jean Racines tragedie Bérénice, ein klassikar som har vunne ny popularitet, og som i vår versjon får eit moderne drag. Regien er ved Ivar Furre Aam som med dette gjer si diplomoppgåve ved KhiO.

Trini Lund tar med seg diktaren Lorca til ein musikalsk kveld på Scene 3 når ho rundar av eit langt, fargerikt og variert liv på scenen. Hennar avskilsframsyning ber tittelen Lund og Lorca. Vi avsluttar sesongen på Scene 3 med eit nytt dikt av Øyvind Rimbereid, Den umogelege valmuehagen. Peer Perez Øian har regi, slik han hadde da Rimbereids Solaris korrigert hadde premiere på Hovudscenen for seks år sidan. Det blei eit godt møte som resulterte i ei spektakulær og annleis framsyning. Vi er spente på kva som kan kome ut av dette.

Mot slutten av året kjem Om sjølvmordets anatomi opp på Scene 2. Alice Birch sin sterke tekst reiser spørsmål om sjølvmordstankar, traume og depresjonar kan gå i arv? Den tyske anerkjente regissøren Lars-Ole Walburg har møtt teksten med menneskeleg innsikt og sår humor.

Høgt tempo på Rommen Scene

På Rommen Scene blir det også høg aktivitet. Scenen vil bli revitalisert og redefinert, med ny kunstnarisk leiar og eit spesielt fokus på teater for barn/unge/ung vaksen! Her ønsker vi å komme tett på publikummet vårt og opnar friskt med eit samarbeid med Campingkompaniet, som er klar for ein nabolagsturne i Groruddalen med teater basert på norske folkeeventyr. Det blir fargerikt, leikent og humoristisk. Vi gjer også ei omarbeiding av «BEST» som vi gjorde i samarbeid med SPKRBOX og Stovner Bokseklubb. Denne skal på ungdomsklubbturné i heile Groruddalen, i tillegg til at den skal spele i ny drakt inne på scenen. Seinare på hausten får Min venn, romvesenet premiere i Kjersti Horns regi. Det er ei vidareutvikling av ei musikkteaterframsyning for heile familien, som blei spelt på Sommerteateret i Frognerparken for tre år sidan. Vi rundar av sesongen med Leve republikken!, ei historie om unge menneske, overlatne til seg sjølv, skrive av Torill Solvang og i regi av Mine Nilay Yalcin, ein ung og lovande regissør utdanna ved Nordic Black Express som no tar master i regi, med fokus på «gateteater» ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Framsyningar som er med oss frå tidlegare

Vi tar også sjølvsagt med oss framsyningar som på langt nær har fått møte eit så stort publikum som dei fortener. Slåttekar i himmelen fekk urpremiere 7. mars 2020. Sidan har vi spelt nokre framsyningar under strenge restriksjonar i fjor haust. No vonar vi det ventande publikummet er klar for eit møte med Edvard Hoems populære familiekrønike. Vi jobbar også med å få med oss Tante Ulrikkes vei, Villanda, Jakob og Neikob og Alle andre, Come back, Liza, Linje 5, Persona og Vikla inn i blått vidare i haustsesongen.

Det blir med andre ord premierar i fleng. Vi skal utfordre, ryste, underhalde og bevege. Det blir humor, klassikarar, europeisk samtidsdramatikk, nye norske stemmer og nokre velkjende travarar. Her er det berre å velje, vi trur det er mange som kan finne noko å gle seg til i haust. Med om lag 35 titlar i repertoaret kjenner vi oss trygge på det!

Vel møtt i teateret!