Ytring

Digitalt tilbod

Teatertilbod medan vi ventar på å opne dørene for fullt.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

No har Det Norske Teatret opna dørene litt på gløtt! Jakob og Neikob og Alle Andre har premiere 7. mai, og i tida framover vil fleire framsyningar bli tilgjengeleg for eit mindre publikum. Vi vil likevel halde fram med å vise opptak av framsyningar frå scenen ved Det Norske Teatret og dele andre små kunstnarlege drypp.

Vi kan ikkje på langt nær vise alle framsyningane våre, og vi kan heller ikkje strøyme noko slik forholda og forskriftene er for augeblikket, men dette er noko vi jobbar med å legge til ette for. Teaterets kunstnarar og dei andre tilsette vil likevel gjerne gi eit innblikk i ein kvardag slik den artar seg no. Vi forsøker å legge til rette for historier og opplevingar som er tatt opp på dei tilsette sine eigne mobiltelefonar.

Det gjeld på langt nær alle framsyningane våre, og vi kan heller ikkje strøyme noko slik forholda og forskriftene er. Teaterets kunstnarar og dei andre tilsette vil likevel gjerne gi eit innblikk i ein kvardag slik den artar seg no. Vi forsøker å legge til rette for historier og opplevingar som er tatt opp på dei tilsette sine eigne mobiltelefonar.

I underlege tider som desse, er det meir bruk for kunsten enn nokon gong. Ein roman, eit musikkverk eller ei teaterframsyning kan gi rom for refleksjon og ro. Har du forslag eller ønske til noko eller nokon du vil sjå, noko som kan gi glede eller inspirasjon medan vi ventar på at kvardagen kjem tilbake, gi oss eit vink på Instagram eller Facebook. Vi skal gjere vårt for å fylle ventetida så godt det lar seg gjere.

Då Gjertrud Jynge fikk varsel om permittering, fann ho fram Jon Fosses prolog frå 100 årsfeiringa, mobiltelefonen og tonefølge, og gjekk frå Enerhaugen ned til teateret. Lytt til Fosses tekst. Nett no.