VI FEIRAR TOR JONSSON

I høve 100-årsmarkeringa for diktaren Tor Jonsson viser vi gjestespelet Berre kjærleik og død, vi held dessutan av seks kveldar til ilesesetjingar av tekstane hans. Lunsj&Lyrikk er også via den folkekjære lyrikaren frå Gudbrandsdalen heile veka.

BERRE KJÆRLEIK OG DØD
GJESTESPEL
ONSDAG 24. AUGUST KL. 19.00
TEATERSALEN ROSENKRANTZ GATE 8
TOR JONSSON – ALEINE MED SEG SJØLV
ILESESETJINGAR
24., 25., OG 26 AUGUST + 1., 2. OG 3. SEPTEMBER
SCENE 3

Historia om eit varsla sjølvmord?

Skreiv Tor Jonsson frå første stund om sitt eige sjølvmord, spør Jonsson-biograf Ingar Sletten Kolloen i dette stykket. Her lar han Jonssons kjærast, Ruth Alvsen, leite etter svar. Framsyninga hadde premiere ved Trøndelag Teater i år 2000, og fekk strålande kritikkar.

Les meir om Berre kjærleik og død

Aleine med seg sjølv

Kulturelle og sosiale forhold i bondesamfunnet er eit viktig tema i diktinga til Tor Jonsson. Omgrepet «bygdedyret» kjem frå hans kvasse penn, men han har òg skrive nokre av våre vakraste kjærleiksdikt. Gjennom seks kveldar inviterer vi publikum til å bli betre kjende med den rike tekstsamlinga etter Tor Jonsson.

Les meir om ilesesetjingane