Verdas mest brutale viking inntar Scene 3

Egil Skallagrimsson er historia om ein av våre mest brutale forfedrer. Men det er også den soga som borer djupast i menneskesinnet. Ved å sjå med nye auge på denne historia – kan vi finne ut noko om oss sjølve i dag?

 

SOGA OM EGIL SKALLAGRIMSSON
PREMIERE TORSDAG 5. NOVEMBER KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

I haust er det duka for ein viking-action-komedie-kvad-musikal på Scene 3 når regissør og komponist Morten Cranner tek for seg Soga om Egil Skallagrimsson, eit «rykte» på 50 sider.

Framsyninga følgjer livet til Egil på 900-talet, frå fødsel til død, gjennom himmel og helvete, krig og kjærleik, og gjennom Egils eigne kvad. Historia blir leika fram av eit sprekt ensemble som skamlaust nyttar seg av enkle teatereffektar og tallause kostyme frå roteloftet.

I denne episke soga blir det ikkje spart på dramatikken, og kontrasten mellom brutalitet og eit litterært språk gjer den til ei både vakker og mektig forteljing. Egil Skallagrimsson var ein av dei siste berserkvikingane og mellom dei første vikingskaldane som dikta om sitt indre liv. Samstundes gjekk vikingtida mot slutten.