Vanlege spørsmål

Er det noko du lurer på før teaterbesøket ditt, kan det hende du finn svaret her!

Eg finn ikkje bestillinga mi når eg loggar inn på Mi side. Kva er feil?

Om du har fått bestillingsnummeret ditt i ein e-post som stadfester at betalinga har gått gjennom, men likevel ikkje finn billettane, kan det skuldast at du har fleire profilar med den same e-postadressa. Kontakt oss på hei@detnorsketeatret.no, så hjelper vi deg.

Eg finn ikkje billettane i innboksen min. Kan de sende dei til meg på nytt?

Avsendar står som billett(@)detnorsketeatret.no med "Det Norske Teatret stadfesting" i emnefeltet. Om du ikkje finn billettane i innboksen din, bør du sjekke søppelposten – nokre gonger hamnar billettane der. Ligg ikkje billettane der heller, kan du kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller sende e-post til hei@detnorsketeatret.no

Kor tidleg må eg vere ute for å hente billettane før framsyning?

Er billettane betalte har du ingen hentefrist, men vi tilrår at du er her om lag 15-20 minutt før framsyninga sidan det kan vere ein del kø i billettluka. Billettane ligg på namn/tlf.nr.

Kan eg ha e-billetten min på mobilen?

Du kan ha e-billetten på mobilen når du viser han i døra inn til salen.

Kor lenge varer framsyninga?

Dette varierer frå framsyning til framsyning, og du finn informasjonen på den enkelte framsyningssida rett under hovudtittelen øvst på sida. Ofte veit vi ikkje kor lang ei framsyning blir før ho har hatt premiere.

Har de IR-anlegg?

Vi har IR-anlegg på alle scenane våre. IR-anlegg er eit alternativ til teleslynge, ofte brukt i lokale der det er mykje elektromagnetisk forstyrring, til dømes frå elektriske gitarar eller lysstoffrøyr.

IR-anlegg har høyretelefonar og kan derfor bli brukt av personar som ikkje bruker høyreapparat med telespole. Du kan låne ein sendar med høyretelefonar hos oss når du kjem i teateret. Ta kontakt med publikumsvertane våre i foajéen. Har du spørsmål om IR-anlegg kan du kontakte oss på hei@detnorsketeatret.no

Eg har gløymt att noko på teateret. Kven skal eg kontakte?

Ta kontakt med billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller sende e-post til hei@detnorsketeatret.no så kan dei sjekke om dei finn det du har gløymt.