Unikt urfolkssamarbeid mellom Guatemala og Noreg

Eit unikt teatersamarbeid mellom urfolk frå to svært ulike land – Guatemala og Noreg – får urpremiere på samenes nasjonaldag, 6. februar.

VIDAS EXTREMAS – EIN DANS PÅ LIVETS YTTERKANTAR
URPREMIERE LAURDAG 6. FEBRUAR KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
GJESTESPEL FRÅ Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš
BLIR OGSÅ SPELT SØNDAG 7. FEBRUAR KL. 16.00

For å markere dette spesielle samarbeidet mellom to teatertradisjonar, er premieren for første gong lagt til Oslo og ikkje som vanleg til Guovdageaidnu/Kautokeino. Deretter blir det turné i Nord-Norge. Framsyninga vil blande element som beatboxing, joik, poesi, hip hop, mayaritual og teater.

Det er også første gongen Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš samarbeidar med maya-miljøet i Guatemala. I Noreg har samane kunna utvikle samfunnet, språket og kulturen sin; Beaivváš er eit tydeleg døme på nettopp dette. For mayaene i Guatemala er dette langt ifrå sjølvsagt. Med dette samarbeidet ønskjer Beaivváš å kaste lys over situasjonen mayaene har heime i Guatemala, der forfølging og drap av opposisjonelle i mayamiljøet inntil nyleg har utgjort ein trugsel.

Vidas Extremas vil krysse grenser og barrierer. Framsyninga står i spenn mellom urban storbykultur og moderne urfolkskunst, mellom to kontinent og to heilt forskjellige verder. Kva bind moderne urfolk saman? Dansarane og skodespelarane spelar for det tapte og beatboxar for å overleve.

 

Les meir