Unge skodespelarar frå heile landet til Oslo

For sjette gongen opnar Det Norske Teatret opp for ei tre dagar lang feiring av ung skaparkraft og kunstnarleg mot. DUS – Den Unge Scenen – tek over scenene på Det Norske Teatret 7. – 9. mai.

DUS – DEN UNGE SCENEN, NASJONAL FESTIVAL
7. – 9. MAI
SCENE 2 OG SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

DUS er eit samlande høgdepunkt i ein festival som strekk seg langt ut i både tid og geografi. Frå februar til april har det blitt arrangert tolv regionale festivalar rundt om i heile landet frå Finnmark i nord til Agder i sør. Tekstane dei har sett i scene er skrive av profesjonelle forfattarar og dramatikarar: Torun Lian, Hans Petter Blad, Olaug Nilssen, Ragnar Hovland, og Lars Mæhle, i tillegg til vinnarane av DUS´ dramatikk-konkurranse for unge; Agate Øksendal Kaupang og Sunniva Lovise Harboe.

– At ungdom frå heile landet med ulike utgangspunkt, røynsler og innfallsvinklar arbeider med dei same dramatiske tekstane og leverer sine høgst personlege tolkingar, er ei eineståande hending i det norske teaterlandskapet, seier teatersjef ved Det Norske Teatret, Erik Ulfsby. Han trekk også fram at samspelet mellom det profesjonelle teatret, forfattarar og amatørskodespelarar òg har gjeve resultat. Fleire av forfattarane som har levert stykke til DUS dei siste 12 åra, har seinare markert seg med ny dramatikk på fleire av dei profesjonelle scenane rundt om i landet.

Her er gruppene som er valde ut frå landets 12 regionar og 77 DUS-grupper til å bli med i årets nasjonale DUS-festival:

Østre Linje Ungdomsteater frå Østfold
Fagerliga vgs. frå Møre og Romsdal
Alta vgs. frå Finnmark
Inderøy vgs. frå Trøndelag
Haugesund Teater frå Rogaland
Ringsaker kulturskole frå Hedmark
St. Hallvard vgs. frå Buskerud
Ungt Teater – UT frå Hordaland
K1 teater frå Oslo
Notodden Barne- og ungdomsteater frå Telemark
Fyret Kultur-og teaterverksted frå Nordland
Kristiansand barne- og ungdomsteater (KBUT) frå Vest-Agder