Ungdomskortet

TEATERINTERESSERT MELLOM 15 OG 25 ÅR?
- FÅ BILLETTAR TIL SUPERPRIS MED UNGDOMSKORTET!

Faq:

Kva er ungdomskortet?

- Ungdomskortet er eit gratis medlemskap for deg mellom 15 og 25 år, og gjeld frå du har fylt 15.
- Du får billettar til alle ordinære framsyningar frå 130 kr.
- Du får invitasjon til eksklusive møte med skodespelarar og regissørar, prøveframsyningar, spesialtilbod og innblikk bak scenen.
- Du får 50% rabatt på teaterprogram.
- Du får kaffi/kaffe latte + mjølkerull til 30,- i Løve Bar & Restaurant.
- Du får tilbod og konkurransar.
- Medlemskapen har du f.o.m. datoen du fyller 15 år t.o.m. det året du fyller 25 år. - Rabatten gjeld for 1 person ved kjøp av billettar på nett. Medlemskapen gjeld ikkje for skolebestillingar og gruppebestillingar. Hugs å ta med legitimasjon saman med billetten når du kjem til framsyninga.

Korleis får eg tak i billettar?

Når du har lagt medlemsskapet i handlekorga får du tilgang til 1 billett til medlemspris pr. framsyning omgåande. Du registrerer deg som kunde, om du ikkje alt har kundeprofil. Første billettkjøp etter innmeldinga hentar du i billettluka og viser legitimasjon for å stadfeste alder. Seinare kjøp kan du få som e-billett. (Er det fleire medlemmer som vil sitte saman er det lurt å notere seg plassnr. så nestemann kan velje plass ved sidan av.)

Kor får eg informasjon om arrangement for ungdomskortet?

Arrangementa blir varsla på e-post, sms eller på facebook. Nokre arrangement er meir eksklusive og har påmelding med kortare fristar. Følg med på e-post og Facebook-sida til Det Norske Teatret for å sjå kva arrangement du kan delta på.

Spørsmål?

Send ein e-post til ung@detnorsketeatret.no