Tonje Glimmerdal er tilbake

Det Norske Teatret etablerte ein ny barneklassikar med Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Etter strålande kritikkar hausten 2013 kjem den tøffaste jenta i norsk barnelitteratur tilbake – med ny fart og sjølvtillit!

TONJE GLIMMERDAL
NYPREMIERE 6. NOVEMBER KL. 16.30
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Eit stort ensemble formidlar varmen og humoren i Maria Parrs univers på Hovudscenen. I spissen står ei ny Tonje; Kjersti Dalseide – skodespelardebutant i haust. Unni Walstads magiske scenografi og fargerike kostyme i lag med Ragnhild Furebotten og Tore Bruvolls folkemusikkinspirerte tonar tek oss med på eventyr til ein liten og sjarmerande stad.

Allereie før boka om Tonje Glimmerdal var ute på norsk, var den selt til fem land. Det Norske Teatret var først ute med å lage teater av Parrs populære bøker. Sidan har boka Vaffelhjarte, som alt er ein kjend TV-serie, blitt sett opp som teater ved DNS i Bergen. På same måte som hos Lindgren har forteljinga om Tonje Glimmerdal noko tidlaust og nostalgisk over seg, og står fram som ein klassikar allereie i si eiga samtid.

Sjå video (frå 2013)

Ny Tonje

Kjersti Dalseide frå Hallingdal debuterte tidlegare i haust, og Tonje Glimmerdal er hennar første hovudrolle. Ho kjenner seg igjen i Glimmerdalen: Eg vaks opp med berre to venninner i same grenda. Skulle du finne på noko, måtte du gjere det i naturen, ta med bror din i skogen eller gå julebukk til naboen på 70.
Les intervju med Kjersti her.

Prisløna forfattar

Maria Parr blir kalla norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Ho blir samanlikna med både Astrid Lindgren og Johanna Spyri; forfattaren bak bøkene om Heidi. Men først og fremst skriv Parr originale og eigne bøker.
Les artikkel om Maria Parr her.