To aldrande menn skodar tilbake

Kor blei livet av? Bjørn Sundquist og Jan Grønli skodar tilbake på liva sine gjennom eit nytt Beckett-prosjekt.

KRAPPS SISTE SPOLE
PREMIERE LAURDAG 22. AUGUST KL. 18.30
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Ein forsoffen gamal mann sit i eit dårleg opplyst rom og speler inn minne frå livet han har levd og kommenterer det, slik han har gjort heile sitt vaksne liv. Han et bananar. Drikk øl. Han høyrer på gamle opptak. Han drikk meir øl.

Desperasjonen veks medan det blir meir og meir openbert at livet som aldri heilt byrja, no er i ferd med å ta slutt. Han sit igjen einsam, isolert og bitter. Med bandopptakaren som sin einaste venn.

Beckett blir rekna mellom dei framste absurdistane, og det som er mest meiningsberande i stykka hans er kanskje det som ikkje blir sagt. Dette fascinerer Jan Grønli og Bjørn Sundquist, som også er aldrande og har eit langt liv å sjå tilbake på. Dette er det andre Beckett-stykket dei to gjer i lag, det førre var Mens vi ventar på Godot i 2013, som også var Sundquists debut som regissør.