Teaterbillettar er billigare enn før

Professor Hans Henriksen er igjen ute med ein kronikk om teaterpolitikk og -økonomi. Denne gongen handlar det om billettprisar, og kor skyhøge dei har vorte. Her blandar han saman pris- og lønsvekst, og veit i liten grad kva han snakkar om. Vi har sett nærmare på utviklinga og den er ikkje så dyster som Henriksen hevdar.

Sidan 1987 har billettprisane auka med 150 prosent, påstår han, utan å gjere greie for korleis han har landa på dette talet. Bildet ser nokså annleis ut frå Det Norske Teatret. Vi har rekna på gjennomsnittleg billettpris i åra 1986 til 1991 og samanlikna prisane med perioden 2010 til 2013. Utrekninga syner ein prisvekst på 116 %. Prisstiginga i denne perioden var på 90%. Det kan tyde på at teaterbillettar har stige noko meir enn det generelle prisnivået. Det ser ut til at Henriksen har rett i at teaterbillettar har vorte noko dyrare enn snittet av prisen på alle varer og tenester. Men konsumprisindeksen fortel ikkje stort om kor dyrt det er for folk å gå i teater. Det er det kjøpekrafta for den einskilde som avgjer. I same perioden steig lønningane i Noreg med 332 %. Det gir ei reallønsvekst på 242 %. Ein teaterbillett blir slik sett monaleg billegare. Forenkla kan vi seie at det er blitt billegare å gå i teateret i dag enn i 1987. Ein teaterbillett gjer mindre innhogg i den personlege økonomien enn då. Vi er klar over at vi her snakkar om gjennomsnittstal og dermed ikkje fangar opp alle nyansar. Men å hevde at det har vore ein sterk negativ utvikling i retning av «rådyre» billettar synest å vere ei sterk overdriving.

Kostnadene ved å produsere teater er først og fremst knytt til løn. Varer og tenester, som konsumprisindeksen måler, utgjer mykje mindre av kostnadene i teaterproduksjon. Tala våre tyder på at teatra ikkje har teke ut kostnadsveksten, det vil seie lønsveksten, gjennom auka billettprisar. Eigeninntektene har kanskje auka noko, men viser seg ikkje i vår samanlikning . Tvert i mot . I perioden 1986 – 1991 utgjorde billettinntektene 19,8 % av omsetnaden ved Det Norske Teatret, mens talet for 2010 – 2013 var 17,2%. Eigeninntektene varierer frå år til år heilt avhengig av repertoaret. I 1990 kom rammeløyvingsordninga, som gjør at teatra sjølv kan prioritere. I periodar med store eigeninntekter er som oftast også kostnadene tilsvarande høge. Denne fleksibiliteten er eit resultat av ordninga med rammeløyvingar.

Det er altså ikkje blitt dyrare for folk flest å gå på teater i denne perioden. Reallønna har vakse mykje meir enn prisane. Dette har vore mogleg gjennom veksten i løyvingar frå det offentlege. Kulturløftet har gjort teatra i stand til å halde tritt med lønsutviklinga i resten av samfunnet i ei tid med høg reallønsvekst. Dette har altså skjedd utan at ein har velta rekninga over på publikum.

Men desse kjensgjerningane gjer ikkje at vi kan bagatellisere det sosiale aspektet som vi oppfattar at Henriksens engasjement tek utgangspunkt i. Det er menneske i dette landet som ikkje har tatt del i den velstandsutviklinga tala viser til. Det finnest menneske som ikkje har økonomi til å delta i det sosiale livet: Familiar som ikkje har pengar til feriar, til bursdagsselskap, til fritidsaktivitet, til kulturaktivitet og til teaterbillettar. Men det er ikkje like klart at dette har noko å gjere med prisen på teaterbillettar. Det er viktig for teaterinstitusjonane å arbeide for å bryte ned barrierane, senke dørstokken og gjere teatret tilgjengeleg for alle, noko vi prøver på gjennom ein aktiv prispolitikk. Men vi er ikkje overtydde om at ein generell senking av billettprisane er måten å gjere dette på. Konsekvensen blir fort eit dårlegare tilbod og færre arbeidsplassar. Andre politikkfelt er sannsynlegvis viktigare i sosialpolitikken enn teaterprisane.

Og heilt til slutt: Henriksen insinuerer at folk i Groruddalen ikkje har råd til å gå på teater. Kor har han det i frå? I denne delen av Oslo bur det masse folk som går på teater og deltek i samfunnslivet på alle felt. Påstanden er både underleg og fordomsfull.

Erik Ulfsby, Teatersjef

Innlegget var på trykk i Klassekampen 28. januar 2015