SUKSESS FRÅ BROADWAY OPNAR SCENE 3

Har du nokon gong spionert på naboen? Lurt på kven dei er? Kva dei gjer, kva dei kranglar om? Ikkje det? Joda, det har du nok. Det er heilt menneskeleg.

JOHNSEN OG JOHNSEN I LIVE
EUROPAPREMIERE 23. JANUAR KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

UTSTILLINGSOPNING SCENE 3 KL. 17.30
FOAJÉEN 1 HØGDA

Alle har opplevd å vite kva ein vil seie, men ikkje få det til. Kvifor er det så vanskeleg å finne dei rette orda? Kva gjer vi når språket ikkje strekker til? Vi held fram med å prøve. Dette er det dramatikar Will Eno undersøkjer i sin realistiske, filosofiske og til tider absurde komedie. Gjennom å la eit ferskt vennskap mellom to nabopar falde seg ut for publikum, avslører teksten djupe sanningar om kvardagslivet.

Will Eno blir gjerne samanlikna med Beckett og Pinter. New York Times kalla han «Beckett for John Stewart-generasjonen» på grunn av evna til å skrive stykke der det ikkje skjer særleg mykje, der alt verkar som det ikkje betyr noko. Likevel får det deg til å le – og nesten gråte.

Regissør Anders T. Andersen (regi Berlinerpoplene og Christopher Nielsens teaterstykke på Nationaltheatret) ønskjer å få fram dei sorgmuntre sidene ved teksten om dei to ektepara med same etternamn. Johnsen og Johnsen bur også i identiske heimar og etter kvart kjem det fram at dei også deler ein mørkare hemmelegheit. Dei forsøker å nærme seg kvarandre, men pratar heile tida forbi kvarandre. Dei er saman, men åleine med tankane sine. Likevel, gjennom å prøve å bli kjende med kvarandre, lærer dei også seg sjølve betre å kjenne.

SUKSESS FRÅ BROADWAY

Will Enos The Realistic Joneses, som er originaltittelen, er ein uventa suksess frå Broadway. Originaloppsetjinga var mellom anna med Michael C. Hall (Dexter, Six Feet Under) i hovudrolla og Det Norske Teatret er først ute i Europa med å sette det opp. Stykket har vunne Drama Desk Award, blitt utropt til «Best play on Broadway» av USA Today, toppa The Guardians liste over amerikanske skodespel for 2014 og var på lista over New York Times oppramsing av «Best Theatre of 2014».

5 ÅR MED SCENE 3

For 5 år sidan opna vi Scene 3. Sidan den gongen har scenen blitt ei aldri så lita suksesshistorie. I 2011 var publikumstalet 7600, og har sidan godt og vel fordobla seg. I 2015 nådde vi 16 400 publikum på den vesle scenen. Fleire suksessar har gått over fleire år – til dømes Den merkelege hendinga med hunden den natta, Fuck My Life og Haugtussa. Dag Jenssen har fotografert samtlege av produksjonane, og for å feire jubileet opnar vi ei utstilling med eit utval av hans bilde frå 5 år på Scene 3.