Spørsmål og svar

Her finn du svar på vanlege spørsmål vi får:

Eg finn ikkje bestillinga mi når eg loggar inn på Mi side. Kva er feil?

Om du har fått bestillingsnummeret ditt i ein e-post som stadfester at betalinga har gått gjennom, men likevel ikkje finn billettane, kan det skuldast at du har fleire profilar med den same e-postadressa. Kontakt oss på hei@detnorsketeatret.no, så hjelper vi deg.

Eg finn ikkje billettane i innboksen min. Kan de sende dei til meg på nytt?

Avsendar står som billett(@)detnorsketeatret.no med "Stadfesting av ordrenr (......) " i emnefeltet. Om du ikkje finn billettane i innboksen din, bør du sjekke søppelposten – nokre gonger hamnar billettane der. Ligg ikkje billettane der heller, kan du kontakte billettluka på tlf. 22 42 43 44 eller sende e-post til hei@detnorsketeatret.no.

Vi gjer merksam på at det ikkje er mogleg å sende dei same billettane to gonger. Om du har sletta eller mista e-posten med billettane, kan du ta med ordrenummeret og få ny utskrift i billettluka på framsyningsdagen.

Kan eg ha e-billetten min på mobilen?

Du kan ha e-billetten på mobilen når du viser han i døra, men om du har mange billettar er det fint om du skriv dei ut heime.

Kor får eg kjøpt gåvekort?

På telefon, på heimesida vår og direkte i billettluka.

Kor mange billettar kan eg kjøpe per OBOS-kort?

Du får to billettar til redusert pris med OBOS-rabatt.

Kor tidleg må eg vere ute for å hente billettane før framsyning?

Er billettane betalte har du ingen hentefrist, men vi tilrår at du er her om lag 15-20 minutt før framsyninga sidan det kan vere ein del kø i billettluka.

Er det redusert pris på billettkjøp rett før framsyning?

Nei.

Kan eg bestille billettar med scenekort på nett?

Ja, scenekortbillettar kan kjøpast på nett, men billettane må hentast i billettluka og du må vise fram scenekortet.

Kan eg bestille billettar med følgjekort på nett?

Nei, du må bestille billettar med ledsagerbevis over telefon eller direkte i billettluka.

Kan eg bestille billettar med rullestolplass på nett?

Nei, rullestolplass bestiller du over telefon eller direkte i luka.

Finst det HC-parkeringsplass hos dykk?

Ja, på andre sida av gata er det HC-parkeringsplassar, pluss at det finst plassar i Sentrum parkeringshus.

Kan eg reservere billettar?

Ja, du kan reservere billettar i ei veke frå den dagen du bestiller.

Kor lenge varer framsyninga?

Dette varierer frå framsyning til framsyning, og du finn informasjonen på den enkelte framsyningssida rett under hovudtittelen øvst på sida. Ofte veit vi ikkje kor lang ei framsyning blir før ho har hatt premiere.

Eg er honnør. Får mannen min også honnørrabatt da?

Nei, honnørrabatten er personleg.

Kvifor er det ikkje barnepris på barneframsyningar?

Dette er fordi barneframsyningar har ein generelt lågare pris.

Eg har gløymt att noko på teateret. Kven skal eg kontakte?

Send ein e-post til hei@detnorsketeatret.no så kan dei sjekke om vi har funne det du har gløymt.

Har de ir-anlegg?

Vi har IR-anlegg på alle scenane våre. IR-anlegg er eit alternativ til teleslynge, ofte brukt i lokale der det er mykje elektromagnetisk forstyrring, til dømes frå elektriske gitarar eller lysstoffrøyr.

IR-anlegg har høyretelefonar og kan derfor bli brukt av personar som ikkje bruker høyreapparat med telespole.
Du kan låne ein sendar med høyretelefonar hos oss når du kjem i teateret.
Har du spørsmål om IR-anlegg, kontakt billettluka på 22 42 43 44.