Spire

Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teateret. Det er heller inga stor overrasking at kvinner med minoritetsbakgrunn faktisk omtrent ikkje eksisterer i norsk teaterhistorie. Dette vil Det Norske Teatret gjere noko med!

Med Spire-prosjektet ønskjer Det Norske Teatret i Groruddalen å samle ungdomar med teaterinteresse, gjerne med base i Groruddalen, til eit møte med gryande regissørar - og samstundes gjere eit løft for ungdomsteateret. Våren 2022 kjem tre regissør-spirer som interesserer seg for å lage teater, film og tekst med ei ung målgruppe i tankane til Det Norske Teatret i Groruddalen.

Regi-spirene Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah vil våren 2022 sette opp kvar si teatervising under oppfølging av mentorane Marit Moum Aune, Hilde Brinchmann og Toril Solvang som har brei regierfaring.
Alle verkstadvisingane vil bli sett saman til ei heilaftans uformell teateroppleving på Rommen Scene i Groruddalen.

Spirene

Martine Næss Johansen

Johansen frå Oslo er utdanna religionshistorikar og journalist og arbeider som forfattar, kurshaldar, redaktør og slampoet. Ho er redaktør for det skeive kulturtidsskriftet MELK som ho var med på å starte i lag med Anna Nafstad i 2016. I 2018 utvida dei med bokforlaget littMELK som gir ut skeiv litteratur.
Johansen er også redaktør for Antirasistisk senters litteratursatsing, Agenda teXt. Ho har gitt ut bøkene Hvite jenter kan ikke synge blues (roman , 2015), Lykkelige mennesker har ikke bikkje (roman, 2018), Den store SLAM!boka (sakprosa, 2020), Vi har ikke fire nye år (roman, 2020).
Johansen har elles halde slam- og skrivekurs for barn, ungdom og vaksne, lokalt og internasjonalt - inkludert "Mini-Rim-Rytme-Maskin" - ein slampoesi-workshop for dei minste (4-7 år) og SLAM!ung - ein workshop for ungdomsskole og vidaregåande. I 2022 tiltrer ho som ekstern rettleiar ved Oslo Met i eit valfagemne om slampoesi som verktøy for menneske som jobbar med barnevern. 
Martine Næss Johansen sit i styret i SLAM!kollektivet og Pride Art.

Johansen ønskjer å ta utgangspunkt i sin eigen roman Vi har ikke fire nye år og lage ei vising som tematiserer ung, skeiv kjærleik.

Zezé Kolstad

Kolstad er dansekunstnar og jobbar innan det frie scenekunstfeltet. Ho har danseutdanning frå London Studio Centre og master i koreografi frå Kunsthøgskolen i Oslo. Kolstad har sett opp eigne produksjonar for vaksne og barn med Didá Produksjoner. Ho var med på å etablere Fargespill i Oslo, der ho har vore kunstnarleg ansvarleg og koreograf. Ved sidan av å gjere frilansoppdrag jobbar ho no som prosjektleiar for Outreach ved Dansens Hus i Oslo.

Jae Nyamburah

Multikunstnar fødd i Kenya, oppvaksen på Hauketo i Oslo.  Som 15-åring byrja Nyamburah jobbe profesjonelt i kunstfeltet. I 2003 var ho musikkoordinator for albumet Maroon frå The R.I.S.E. Project og manusforfattar til musikkvideoen  All About The Benjamins. I 2005 debuterte ho som poet i samarbeid med den politiske rapduoen Dead Prez.  I 2010 delte Nyamburah scene med artisten Saul Williams og Oslo Filharmonien i oppsetjinga Said the shotgun to the head. Same år debuterte ho som fotograf med utstillinga Synlig // Usynilg på Riksscenen.  

2015 var året Nyamburah fekk bacheloren sin i skodespelarfag og produksjon frå Det Multinorske/ Nord Universitetet / Det Norske Teatret og har sidan vore tilsett og hatt roller m.a i The Book Of Mormon (2017-2019), Dovregubben i Peer Gynt (2019), Cordelia i Kong Lear (2020) og Camilla i Linje 5 (2021).  

Jae Nyamburah ønskjer å lage ei vising med tema interseksjonalisme og melaninrike kvinner med teksten The Vibe Noir.