Dramaverkstad

Korleis handterer vi møtet med det urettvise, det umenneskelege, det ein ikkje kan bere? Korleis oppstår apati og meiningsløyse? Kor i meg sjølv finn eg håp og handlekraft?

I samband med framsyninga Kva nashornet såg tilbyr vi skoleklassar ein dramaverkstad som introduksjon til framsyningas sentrale tema og problemstillingar.

Gjennom fysiske øvingar, leik og små rollespel blir elevane budd på møtet med framsyninga. Dei får innblikk i og moglegheit for sjølv å oppleve og utforske eigne reaksjonar og handlingsmoglegheiter i møte med vanskelege tema som gruppepress, undertrykking og det umenneskelege.

Verkstaden har sitt teoretiske og metodiske utgangspunkt i Augusto Boal sine tankar om «Dei undertryktes teater» (Forum Teater) kor tilskodaren til ein urettferdig eller undertrykkande scenisk situasjon oppmuntrast til sjølv å tre inn i spelet og forsøke å påverke og endre scenens gang.
Varigheit: 3 skoletimar (2 timar og 15 minutt)
Aldersgruppe: 14-17 år
Rom: Verkstaden kan skje på skolen, eller på Det Norske Teatret. På skolen er det ønske om eit stort rom med fri golvplass, t.d. ein dramasal eller ein gymsal.
Pris: For verkstad og teaterbillett til Kva nashornet såg er prisen 250 kr per elev.
Les meir om framsyninga HER.

Ta kontakt for aktuelle datoar. Skriv til erlend.dreiaas(@)detnorsketeatret.no eller ring 22473872.

OM PEDAGOGEN

Henrik Uldall er kulturformidlar på Det Kongelige Teater i København og underviser i formidling på Statens Museum for Kunst. Han er utdanna skodespelar og dansar, og arbeider som utøvande scenekunstar. Han har meir enn 15 års erfaring som undervisar i drama og teater.


I dramarommet skal det vere ein trygg og tillitsfull stemning der deltakarane sjølv får lyst og mot til å leike med og utforske i eit spesifikt tema, eit kunstnarisk uttrykk eller ein scenisk stilart. Målet er at deltakarane gjennom eigen innleving, sansing og skapande kreativitet får ein djupare og meir nyansert tilgang til framsyninga dei skal sjå.