Det Norske Teatret, KS Besøkssenter og Engineerium (Aker Solutions) har skreddarsydd eit to-dagars program for klassar på Oslo-tur, med interaktiv læring i norsk, samfunnsfag og realfag.

PROGRAM
Program dag 1:
Realfag: Besøk Engineerium og spel Engineering Challenge.
Norsk: Sjå ei framsyning på Det Norske Teatret, klikk HER for å sjå aktuelle framsyningar.
Program dag 2:
Samfunnsfag: Besøk KS Besøkssenter og spel Kommunespelet. Inkluderer gratis lunsj.
Det er mogleg å snu på rekkefølgja for besøk på Engineerium og KS Besøkssenter, i tillegg til å lage opplegg for heile trinn. Du kan også velje kva for framsyning de vil sjå på Det Norske Teatret.
Besøk på Engineerium og KS er gratis for skoleklassar. Teaterbillettane kostar mellom 150-190 kr per elevbillett, med ein fribillett til lærar per 15. elevbillett.
Vil du vite meir om tilbodet?
Ta kontakt på skole(@)detnorsketeatret.no