Villanda har hatt ein særeigen posisjon innan norsk og internasjonal teaterkunst sidan stykket blei sett opp første gongen i 1885. Da Villanda kom i bokform i 1884 var kritikarane og publikum totalt forvirra av den nye blandinga av symbolisme og realisme, tragedie og komikk. Men etter urpremieren på Den Nationale Scene i Bergen året etter, slo kritikarane fast at det var ein suksess. Og historia om familien Ekdal er eit av dei mest spelte skodespela av Henrik Ibsen.
I samarbeid med Teatermuseet tilbyr vi no ein spanande og mystisk introduksjon til stykket og Ibsens samtid.
Anbefalt alder: 10. trinn og vidaregåande skole
Pris: 180 kr for teaterbillett og formidlingsopplegg
Tidspunkt: Ta kontakt for å finne passande tidspunkt: skole(@)detnorsketeatret.no
Framsyninga
Hedvig er fjorten år og kjenner seg annleis. Gjennom kameralinsa forsøker ho å oppnå kontakt med både seg sjølv og omverda, men bilda gir henne berre ei enda sterkare kjensle av ikkje å høyre til. Ho ser ikkje lenger seg sjølv, berre andre rundt seg. Kven er eigentleg Hedvig bak filter og all sminka?
Regissør Lars Erik Holter ønskjer å nytte Ibsens velkjente tekst til å forske i forholdet mellom tenåringsjenta Hedvig og foreldra hennar; dei som er så glade i henne, men som likevel ikkje klarer å nå inn til henne.
Framsyninga speler på Scene 3 på Det Norske Teatret våren 2020.
Formidlingsopplegg
Ein tom stol, fleire løgnar og mange spørsmål. Ta elevane med på ei reise gjennom tid og rom – tilbake til Ibsens Kristiania, og møt nokre av karakterane frå dramaet Villanda! På veien får elevane ei gåte dei må prøve å finne eit svar på. Det er kanskje ikkje så enkelt?
Teatermuseet har utvikla ein spanande og mystisk introduksjon til Villanda.
Opplegget er tredelt
- Ein introduksjon til Ibsens litterære landskap, og det borgarlege Kristiania.
- Ei tidsreise til 1885 og ein presentasjon av karakterane i stykket Villanda
- Villanda på scenen: kostymebruk, rolletolking, utdrag frå manus og symbolikk
Varigheit: 90 minutt
Stad for gjennomføring: Teatermuseet (Frognerveien 67) eller på Det Norske Teatret.

Mål i læreplanen
Norsk, etter 10. trinn:
- Snakke om form, innhald og føremål i litteratur, teater og film og framføre tolkande opplesing og dramatisering
- Presentere tema og uttrykksmåtar i eit utval sentrale samtidstekstar og nokre klassiske tekstar i norsk litteratur
- Lytte til, oppsummere hovudinnhald og trekke ut relevant informasjon i munnlege tekstar
- Delta i diskusjonar med grunngitte meningar og sakleg argumentasjon
Norsk, etter Vg3:
- Analysere, tolke og samanlikne eit utval sentrale norske og nokre internasjonale tekstar frå ulike litterære tradisjonar frå romantikken til i dag, og sette dei inn i ein kulturhistorisk samanheng
Teater i perspektiv:
- Beskrive og drøfte sentrale utviklingstrekk i teateret frå modernismen til eiga samtid
Drama og samfunn:
- Gjere greie for eit utval dramapedagogiske metodar, og beskrive korleis dei kan bli brukt
