TEMATIME: KVIFOR NYNORSK?

Som det einaste institusjonsteateret i landet som berre spelar på nynorsk, inviterer vi skoleklassar til ein tematime i nynorskens teiken.

Høyr dramaturg, omsetjar og språkkonsulent Ola E. Bø og Det Norske Teatrets historieskrivar Alfred Fidjestøl fortelje om Det Norske Teatret si historie, kulturkamp og nynorsk som scenespråk.

Nivå: Passar særleg for 10. trinn, vidaregåande skolar, høgskole og universitet.

Ta kontakt for å finne aktuelt tidspunkt.

Pris: 50 kr per elev for tematime

Skriv til erlend.dreiaas(@)detnorsketeatret.no eller ring 22473872 for å reservere billettar til din klasse.