PAKKETUR TIL OSLO

Planlegg du Oslo-tur med klassen? Ønskjer du eit tverrfageleg og kulturelt program? Det har vi laga for deg!

Det Norske Teatret, KS Besøkssenter og Engineerium (Aker Solutions) har skreddarsydd eit to-dagars program for klassar på Oslo-tur, med interaktiv læring i norsk, samfunnsfag og realfag.

Oslo

PROGRAM

Program dag 1:

Realfag: Besøk Engineerium og spel Engineering Challenge.
Norsk: Sjå ei framsyning på Det Norske Teatret, klikk HER for å sjå aktuelle framsyningar.

Program dag 2:

Samfunnsfag: Besøk KS Besøkssenter og spel Kommunespelet. Inkluderer gratis lunsj.

Det er mogleg å snu på rekkefølgja for besøk på Engineerium og KS Besøkssenter, i tillegg til å lage opplegg for heile trinn. Du kan også velje kva for framsyning de vil sjå på Det Norske Teatret.

PRAKTISK INFORMASJON

Pris: Skoler betalar kun for teaterbillettane, med store skolerabatter. Besøka på Engineerium og i KS Besøkssenter er gratis.

Reservasjon: Ta kontakt for å finne ein aktuelle dato. Skriv til undervisning(@)detnorsketeatret.no

 

OVERNATTING

Det er inngått ein avtale med Anker hotellkjede om gunstige prisvilkår for klassar som har bestilt pakketur til Oslo. Prisar frå 200 kr pr person/natt.

Vis til skolepakka ved bestilling:
Anker Apartment  Book her: aa@anker.oslo.no
Anker Hostel        Book her: bookinghostel@anker.oslo.no
Anker Hotel          Book her: booking@anker.oslo.no

 

OM SAMARBEIDET

Pakketur til Oslo er eit unikt samarbeid mellom partar i næringslivet, kommunesektoren og kulturlivet for å skape eitt breidt kultur- og læringsutbytte for elevar på besøk i hovudstaden. Gjennom deltaking, teateropplevingar og digitale plattformar leikar elevane seg gjennom realfag, estetiske fag og lokaldemokratiske prosessar. Tilbodet oppfyller fleire læreplanmål mellom anna realfag, norsk og samfunnsfag.

Engineerium

Elevar på Engineerium.

KS_besøkssenter

Elevar på KS Besøkssenter