Den kulturelle skolesekken

Dette er tilbodet frå Det Norske Teatret i DKS for skoleåret 2023/24. Ta ein titt!

Det Norske Teatret har fleire framsyningar og aktivitetar i Den kulturelle skolesekken. Fleire tusen elevar på barneskole, ungdomsskole, vidaregåande skole og folkehøgskole besøker dette skoleåret teateret for å få nye eller kanskje til og med si første teateroppleving!

Under finn du ei oversikt over framsyningar og aktivitetar vi har på programmet til DKS dette skoleåret. Nedst på sida finn du også studiemateriell. For spørsmål om billettar og ledig kapasitet må du ta direkte kontakt med den aktuelle DKSen. Du kan sende andre spørsmål til skole(@)detnorsketeatret.no.

Les meir på nettsida til Den kulturelle skolesekken Oslo

Møt Det Norske Teatret

Som ein del av det faste programmet for 6. trinn i osloskolen skal elevane bli kjent med Det Norske Teatret. Tilbodet har to delar. Del 1 skjer hausten 2023. Da skal elevane sjå musikalen Frost. Del 2 skjer våren 2024. Da skal elevane besøke teateret, der dei blir kjent med institusjonen, folk som arbeider her, og få prøve seg som skodespelarar.

Studiemateriell