DRAMAVERKSTAD FOR UNGDOM

I anledning Fossefestivalen arrangerer vi dramaverkstad for ungdom med utgangspunkt i Jon Fosses tekst Nokon kjem til å kome.

Vi ville jo berre vere saman
Vi ville jo vere
åleine saman
Vi ville jo ikkje vere der dei andre er

Dramaverkstaden strekker seg over to dagar, laurdag og søndag 14. og 15. september. I tillegg får deltakarane sjå framsyninga Nokon kjem til å kome (anten torsdag 12. september eller fredag 13. septemer). Deltakarane får lese, skrive, dramatisere og spele. Til slutt blir det ei uformell visning der familie og venner kan komme og sjå.

Alder: 13-20 år.
Pris: 150,- (billettar kan du kjøpe HER)

Dato:
Anten Torsdag 12. september kl. 19.30 – framsyning Nokon kjem til å kome
eller Fredag 13. september kl. 19.30 – framsyning Nokon kjem til å kome
Laurdag 14. september kl. 10-17 - dramaverkstad
Søndag 15. september kl. 11-18 – dramaverkstad og visning

Billett kjøpt til 14.9 gjeld for alle tre datoane. Du treng ikkje kjøpe eigen billett til framsyninga 12.9

Deltakarane ser framsyninga Nokon kjem til å kome på Scene 2 som ein del av verkstaden.

Metoden NEXT

I verkstaden blir det nytta ein metode som heiter NExT: Manhattan Experimental Theater Workshop. Denne består av to fasar: utforskingsfasen og den skapande fasen. I utforskingsfasen les og diskuterer deltakarane teaterstykker, og gjennomførar teaterøvingar som førebur dei på den skapande fasen. I den skapande fasen vel deltakarane ein stil som dei utforskar vidare for å skape sine eigne teaterstykker. Kvart stykke er basert på ei felles kjent fortelljing. I denne verkstaden tek dei utgangspunkt i skodespelet Nokon kjem til å kome av Jon Fosse. Det siste steget i den skapande fasen er å dele det dei har laga med eit publikum.

Verkstaden blir gjennomført av pedagogar frå Norwegian Experimental Theatre Workshop/Scenelusa produksjoner.