Skoleaktivitetar

DEL TEATERGLEDA MED ELEVANE DINE!

Det Norske Teatret ønskjer å vere eit godt alternativ for skolar som vil ta elevane med på teater. For elevgrupper har vi sterkt reduserte prisar på alle våre framsyningar. Vi tilbyr eigne matinéframsyningar for skole. Til fleire av framsyningane følger det studiemateriell til for- og etterarbeid, og vil tilbyr formidlingsaktivitetar som aktualiserer teateropplevinga. På denne sida finn du Det Norske Teatrets skoleaktivitetar.

Det er introduksjonar før fleire av framsyningane. Desse er gratis og du treng ikkje billett. Sjå alle introduksjonane HER.

Har du spørsmål eller ønskjer å bestille billettar? Ta direkte kontakt med skoleansvarleg,

Erlend Tårnesvik Dreiås, erlend.dreiaas(@)detnorsketeatret.no / 22 47 38 72, eller ta kontakt med billettluka på telefon 22424344.

  • BILLETTFOND FOR SKOLE

    Våren 2018 kan du søke om billettar til framsyninga UTAFOR. For ungdomsskole og vidaregåande skole.

    Les meir
  • Dramaverkstad

    Korleis handterer vi møtet med det urettvise, det umenneskelege, det ein ikkje kan bere? Korleis oppstår apati og meiningsløyse? Kor i meg sjølv finn eg håp og handlekraft?

    Les meir
  • STUDIEMATERIELL

    Det Norske Teatret utarbeider pedagogisk materiell til framsyningar som eignar seg spesielt for skolegrupper. No finn du studiemateriell til KIMEN, THE BOOK OF MORMON og HAUGTUSSA.

    Les meir
  • MØT OSS PÅ FACEBOOK

    Bli med i fellesskapet! Meld deg inn i gruppa «Teaterkontakt for skole» på Facebook!

    Les meir
  • TEMATIME: KVIFOR NYNORSK?

    Som det einaste institusjonsteateret i landet som berre spelar på nynorsk, inviterer vi skoleklassar til ein tematime i nynorskens teiken.

    Les meir
  • BLI TEATERKONTAKT!

    Som lærar kan du bli teaterkontakt for skole! Da får du informasjon om skoletilbod og -aktivitetar, og invitasjon til prøveframsyningar på e-post.

    Les meir
  • SJÅ FRAMSYNING PÅ DAGTID

    Vi spelar dagframsyningar for skolegrupper. I vår kan du mellom anna sjå KIMEN av Tarjei Vesaas og Svein Tindbergs UTAFOR! I haust kan du sjå PEER GYNT!

    Les meir
  • KOM PÅ INNSIDA!

    Opplev Noregs største og mest moderne teaterhus frå innsida. Kom på omvising!

    Les meir
  • PAKKETUR TIL OSLO

    Planlegg du Oslo-tur med klassen? Ønskjer du eit tverrfageleg og kulturelt program? Det har vi laga for deg!

    Les meir