Sjølvutslettande teater frå Finland

Kor langt er eit menneske villig til å gå for den ho elskar, er spørsmålet som blir undersøkt i dette gjestespelet frå Finland.

 

SYLVI
GJESTESPEL 21. MAI KL. 19.00
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Den prislønte finske regissøren Mikko Roiha er kjend for sine moderne tolkingar av finske klassikarar. No har han tatt for seg den dramatiske forteljinga om Sylvi av den – i si tid – omstridde dramatikaren Minna Canth (1844 – 1897).

Dette er eit klassisk og lidenskapeleg drama om ei ung, vill jente som sit fast i eit ekteskap med ein eldre mann ho ikkje elskar. Når ho møter igjen barndomsvennen Victor, blir ho overmanna av lidenskap og begjær. Men ho kan ikkje godta å oppløyse den heilage ekteskapspakta ho alt har inngått, og derfor ser ho berre ein utveg…

Markant representant for realismen

Minna Canth dreiv klesbutikk og oppforstra sju barn medan ho starta ein karriere som forfattar, journalist, dramatikar og kvinnesaksforkjempar. Ho blei ein av dei fremste representantane for realismen i

Finland, og var den andre dramatikaren i Finland som skreiv på finsk. Ho var også den første kvinnelege journalisten som nytta finsk som skriftspråk. Finsk fekk status som offisielt skriftspråk i Finland i 1864, og den finske språkreisinga var tufta på mange av dei same tankane om nasjonsbygging og nasjonal identitet som prega landsmålsforkjemparane i Noreg på same tid.

 

Skodespelarane vil veksle mellom å snakke svensk og finsk. Framsyninga er teksta på svensk.

Sylvi

av Minna Canth – Mikko Roiha

Regi Mikko Roiha Scenograf Silke Marquardt Musikk og lyd Matti Raita Kostymedesignar Taina Sivonen Produksjon Klockriketeatern (FIN), Kokkolan kaupunginteatteri (FIN), Riksteatern (SE), Savonlinnan Teatteri (FIN), Wasa Teater (FIN), Åbo Svenska Teater (FIN) og Vapaa Teatteri (DE)

Med Pia Andersson, Lina Ekblad, Lasse Fagerström, Mervi Koskinen, Matti Raita