Så vakker du er

Kan ein vere både glad og ulykkeleg på same tid? spør Brynjulf Jung Tjønn i sin Brageprisvinnande roman som er blitt teater.

SÅ VAKKER DU ER
FREDAG 20. MAI KL. 20.30 OG LAURDAG 21. MAI KL. 14.00 OG 17.00
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
GJESTESPEL FRÅ SOGN OG FJORDANE TEATER

Femten år gamle Henrik bur i lag med mor si, og har ein onkel han har eit svært nært forhold til. Det er vår, og onkelen blir alvorleg kreftsjuk. Det blir etter kvart klart at han skal døy. Samstundes er Henrik dødsforelska i Kjersti, og dei to opplever den første kjærleiken i lag.

Henrik får skuldkjensle for å vere så glad medan onkelen ligg for døden. Forholdet til mora er også komplisert. Ho har vanskeleg for å takle kjenslene sine, og vil skåne Henrik for onkelens sjukdom.

«Vakkert og sårt om kjærlighet og død», skreiv BT etter framsyninga i Bergen tidlegare i vår, og trilla 5 på terningen. Så vakker du er handlar om å miste, om å bli vaksen, om å oppleve kjærleiken for første gong – men mest av alt handlar det om at ein må gripe dei sjansane livet gir.

HJELMELAND DEBUTERER

Den kritikarroste artisten Thea Hjelmeland har laga eit stemningsfullt musikalsk bakteppe for handlinga, og er også med som skodespelar for første gong.

Les meir

SAMTALE MED FORFATTAREN

Teatervitar Turid S. Myrholt i samtale med Brynjulf Jung Tjønn om romanen og vegen frå bok til scene.
FREDAG 20. MAI KL. 19.30

Les meir