Robert Wilson er tilbake på Det Norske Teatret

Den verdskjende amerikanske regissøren har fått i oppdrag å setje sin karakteristiske signatur på den norrøne mytologien. Premieren blir i mars 2017.

EDDA
URPREMIERE 4. MARS 2017
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Edda er ei framsyning basert på Jon Fosses gjendikting av verka som blei skrivne ned på Island på 1200-talet. Samtidskomponisten Arvo Pärt vil lydleggje denne versjonen av vårt eldste diktverk, som garantert vil bli ei visuell og auditiv oppleving av dei sjeldne.

ROBERT WILSON

Robert Wilson er kjend for sine stiliserte og konsentrerte sceniske kunstverk der lys, scenebilde og musikk er viktige komponentar for den totale opplevinga. Han arbeider nesten skulpturelt med skodespelarane og plasserer dei inn i bilde der detaljane er like avgjerande som det store scenebildet. I nesten fem tiår har Robert Wilson vore aktiv og har vore ein ruvande personlegdom i avantgardeteatret. Han blei berømt gjennom oppsetjinga Einstein on the Beach i 1976. Sidan har han sett opp på teater over heile verda og levd eit hektisk globalt liv. Sist gong han regisserte i Noreg, sette han opp Peer Gynt, eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Den Nationale Scene, eit stykke som blei spelt både i Oslo, Bergen og New York. Wilson arbeider utradisjonelt, og det er med spenning vi ønskjer den produktive, krevjande og særeigne teaterkunstnaren tilbake til Det Norske Teatret.

Menneskelege gudar

Gudanes konge, Odin, er ikkje lenger den han eingong var. Alle teikn fortel gudane at slutten nærmar seg, og Odin skal leie gudane i den avgjerande kampen mot jotnane. Men han er trøytt, og han har gløymt så mykje. For i den norrøne religionen er ikkje Allfader skaparen av universet, han er sjølv skapt – ein del av skaparverket. Han er på alle måtar menneskeleg og sårbar.

EDDA OG JON FOSSE

Edda-diktinga representerer hovudkjelda til religionen som dominerte i Skandinavia fram til om lag år 1000. Dikta er skrivne ned av islandske sagaskrivarar og skaldar i samtida og i middelalderen. Fosse har lese Den eldre Edda og gjeve dikta si personlege form. Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne. Når Fosses fascinerande og suggestive tekst møter det visuelle språket til Robert Wilson, vil dei skape eit univers du aldri før har sett.

ARVO PÄRT

Arvo Pärt har skapt nærmast ein eigen musikalsk sjanger der det enkle og det reine uttrykkjer det særeigne. For mange er han best kjend for sine suggererande og minimalistiske verk som gjer at musikken læt både klassisk og moderne på ei og same tid. Det meditative og stillferdige i musikken hans har ein sterk appell og har gjort Pärt til ein av dei mest framgangsrike komponistane i sin sjanger, ikkje minst blant filmskaparar og dokumentarprodusentar. Han har sjølv sagt at han ønskjer at musikken hans skal formidle gleda over kvar einskild note og på den måten uttrykkje den spirituelle krafta som han meiner er musikkens eigentlege hensikt.