Programslepp hausten 2015 på Det Norske Teatret

Teatersjef Erik Ulfsby legg fram repertoaret for hausten 2015.

PROGRAMSLEPP HAUST 2015
TORSDAG 16. APRIL KL. 10.00
BIKUBEN, DET NORSKE TEATRET

Ein litt tøysete musikal om norsk politikk og det norske kongehuset, fulle folk, Ane Dahl Torp som framtidsmenneske, Carl Frode Tillers første heilaftans teaterstykke og ein viking-action-musikal er berre noko av det vi kan by på i haust.

Torsdag 16. april kl. 10.00 legg teatersjef Erik Ulfsby fram heile repertoaret for hausten 2015.

PROGRAM
Are Kalvø og Ingrid Bjørnov presenterer Halve kongeriket – Norsk politikk, the musical
Bjørn Sundquist og Jan Grønli i samtale om Beckett
Frode Winther les frå Carl Frode Tiller’Ane Dahl Torp framfører dikt
med meir

Vi byr på kaffi og Kong Haakon!

Det vil bli høve til intervju med teatersjefen, regissørar og fleire skodespelarar frå dei ulike produksjonane.
Meld gjerne frå om du kjem.

Hjarteleg velkommen!

For meir informasjon/intervjuavtalar
Ida Michaelsen, Informasjonssjef
T: 22 47 38 30 // E: ida@detnorsketeatret.no

Åsne Dahl Torp, Informasjonskonsulent
T: 22 47 38 27 // E: aasne@detnorsketeatret.no