Retorisk boksekamp på Scene 2

I EINSEMDA PÅ BOMULLSMARKENE
FREDAG 20. FEBRUAR KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Dramatikaren Bernard-Marie Koltés var lidenskapeleg oppteken av nyansane i språket, korleis språket er makt – ja, vald til og med.

I einsemda på bomullsmarkene er ein mystisk dialog mellom to menneske som prøver å nærme seg kvarandre, men ingen vil underordne seg den andre. Så lenge dei snakkar, er språket våpenet deira. Den eine vil kjøpe noko, den andre selje. Koltès har utstyrt begge med lange, dirrande replikkar som snirklar seg stadig nærare kjernen, altså varen; ein vare ingen av dei vil setje ord på og ingen vil vedkjenne seg behovet for.

Trass i den elegante, poetiske retorikken får ein likevel ei kjensle av at dialogen mellom dei to er eit skjørt byggverk som når som helst kan kollapse, og da vil katastrofen inntreffe. Han utforskar det rommet som er det siste halmstrået, det siste forsøket på diplomati før kommunikasjonen blir valdeleg. Som ein retorisk boksekamp.

I eit filosofisk og barokt språk, postulerer Koltés at all mellommenneskeleg kontakt og dialog er ein form for handel, eit spel der vi inngår avtalar. Den eine må underordne seg den andre. Når alt kjem til alt er teatret i seg sjølv avhengig av ein avtale for å eksistere, nemleg avtalen mellom mottakar og tilbydar, mellom publikum og skodespelar.

Eksamensoppgåve

Registudent ved Kunsthøgskolen i Oslo, Tormod Carlsen, har gitt seg sjølv og skodespelarane ein mektig tekst å krangle med. Dette er den avsluttande diplomoppgåva hans. Heidi Dalene leverer også si diplomoppgåve med denne framsyninga. Ho er scenografistudent ved Akademi for Scenekunst ved Høgskolen i Østfold.