Personvern

Kjøpsvilkår og tryggleik ved nettsal

For å kjøpe billettar til Det Norske Teatret via heimesidene våre, må du vere registrert som brukar.
Personopplysningar du gir oss blir handsama i tråd med gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett. Du redigerer sjølv opplysningane.
Kjøpet er gjennomført når betalinga er registrert.
Det Norske Teatret nyttar programmet Audienceview til å selje billettar både på nettet og i billettluka. Sjølve betalingstransaksjonen blir handsama av betalingsleverandøren DIBS.
Opplysningane dine blir krypterte ved hjelp av SSL (Secure Sockets Layer) og 3D-Secure og følgjer bankanes krav til tryggleik.
Du kan bruke VISA, Eurocard/MasterCard eller gåvekort utskrive av teateret som betalingsmiddel på nettet.

Kjøpte billettar blir berre refunderte ved avlysing eller endringar i speleplanen.
Angreretten ved fjernsal og kjøp utanom fast utsalsstad, gjeld ikkje for teaterbillettar. (jfr Angrerettslova § 12).
Billettar bli sjekka ved inngang til framsyninga.
Er billettar kjøpt med personavhengig rabatt (t.d. student, honnør eller ulike former for medlemskap) skal gyldig legitimasjon/medlemskort visast saman med billetten ved inngang til salen. Utan slik legitimering må ein betale mellomlegg til full pris i billettluka.

Personvern

For å gjere brukaropplevinga di funksjonell og positiv bruker nettstadene våre (detnorsketeatret.no og billett.detnorsketeatret.no) såkalla cookies eller informasjonskapslar og Google Analytics.
Begge nettstadene er sikkerheitssertifiserte og bruken av informasjonskapslar gjer det lettare for deg å manøvrere mellom reine informasjonssider og billettsalsidene.
Nettsalet til Det Norske Teatret følgjer dei til ei kvar tid gjeldande reglar, i samsvar med norsk og europeisk lov i høve til personvern (GDPR).

Vi lagrar ikkje sensitive opplysningar, berre informasjon som er relevant for å oppfylle våre plikter i høve til deg som vår kunde.

Gjeldande personopplysningslov gir deg rett til innsyn i dei opplysningane vi har lagra om deg. GDPR gir deg rett til å bli stroken frå våre register.
Ønskjer du å bli sletta, kan du krevje dette skriftleg, og der dette er mogleg og lovleg i høve rekneskapslovene, og du ikkje har kjøp som ligg fram i tid, vil slik sletting bli effektuert.

Kontakt Det Norske Teatret på kundeservice@detnorsketeatret.no dersom du ønskjer innsyn i våre opplysningar om deg, eller vil krevje sletting i registeret.

Registrering

For sikre god service og korrekt oppfølging av kjøp, lagrar vi følgjande opplysningar om deg:
Namn, postadresse, telefon/mobilnummer, e-postadresse (blir også tatt i bruk som brukarnamnet ditt ved innlogging). I tillegg kjem opplysningar som vedkjem kjøpet hos oss, for eksempel framsyningsdato, opplysningar om plassar, talet på billettar, pris, rabatt, betalings- og leveringsmåte osb.
Ved avlysing eller endring i speleplan vil vi nytta e-post og mobil for å kontakte deg.

På MI SIDE kan du endre og oppdatere opplysningar dersom du t.d. flyttar eller får nytt telefon/mobilnummer.
Du kan i tillegg velje om du vil motta nyhetsbrevet vårt og annan informasjon.
Da vil du kunne motta Kampanjekoder som kan gi spesielle tilbod.
Du registrerer sjølv kva for kanalar vi har ditt samtykke til å kontakte deg i.
Dette er sjølvsagt heilt frivillig, og du redigerer også desse opplysningane sjølv.
Nyheitsbrevet vårt blir berre sendt dei som aktivt har gitt samtykke til å motta e-post frå oss.

Har du spørsmål kring dette kontakt kundeservice@detnorsketeatret.no