Personleg om søsken med funksjonshemming

Korleis er det å vekse opp med eit søsken som har ei funksjonshemming? Dette har Kristin Grue laga ei personleg og utleverande soloframsyning om.

72 PROSENT NORMAL
FREDAG 9. JANUAR KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
BLIR I TILLEGG VIST 10. JANUAR OG 6. OG 17. FEBRUAR

Kristin Grue, mellom anna kjend frå NRKs Underholdningsavdelingen, gjestar Det Norske Teatret med ei framsyning som med alvor og komikk tek opp korleis det er å vere i nær familie med ein person som har ei fuksjonshemming. Med mykje humor og varme behandlar ho alvorlege tema som normalitet, det å vere annleis og omgivnadenes forventningar om at ein skal kjenne seg takknemlig for ikkje å være «den sjuke». Gjennom å vere direkte og personleg ønskjer Grue å seie noko ålment om det å vere annleis. For kva vil det eigentleg seie å vere «normal»?

Eigne erfaringar
72 prosent normal er ei framsyning av og med Kristin Grue, basert på hennar eigen oppvekst med eit funksjonshemma søsken og historier og opplevingar frå andre med fysiske funksjonshemmingar i hennar nære omgangskrets. Resultatet er ein monolog frå ”den friskes” perspektiv, om alle tankane ho har gjort seg gjennom livet om det å vokse opp med nokon som er ”annleis”. Grue ønskjer ikkje å moralisere, men å ”avmystifisere” folk i rullestol og snakke om det kanskje ikkje alle tør snakke om: Om kjensla av å ikkje vere som alle andre, om det å vere flau og men samtidig nysgjerrig.

Posta 3. januar 2015