På leit etter ein Jesus

Om ikkje religionane spissar vår humanitet og skjerper vår medkjensle, kva skal vi med dei da? spør Bjørn Eidsvåg. For første gong har han laga ei teaterframsyning. Med seg på scenen har han sjølvsagt bandet sitt – og Svein Tindberg.

ETTERLYST: JESUS
URPREMIERE LAURDAG 27. AUGUST KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

I lag med Svein Tindberg tek han publikum med på si eiga trusreise, medan han også ser på korleis både Jesus og kristendomen har blitt brukte og misbrukte opp gjennom tidene. Spørsmålet Tindberg og Eidsvåg prøver å finne svaret på er: Kven var eigentleg denne Jesus? Kva stod han for? Og ikkje minst: Treng vi han – eller nokon som han – i dag?

Framsyninga er delvis dialog, delvis monolog. Det er både teater og konsert. Men ikkje noko vekkjelsesmøte. Med stort sett nye songar, argumenterer Eidsvåg for sitt syn på ein person som har stått han nær heile livet.