Aldersgruppe: Framsyninga passar best frå 6.klasse (12 år) og oppover.
Workshop: Etter framsyninga tilbyr vi ein todelt workshop.
I «bokse-delen» vil dei som deltek få ei innføring i kva boksing er, og lære grunnleggjande trinn og teknikkar.
I «skrive-delen» får dei som deltek ein spennande og kreativ inngang til å skrive egne tekster under trygg rettleiing frå Slam-poet og skodespelar Hina Zaidi. Her kan du leke deg med ord som finst, ord du finn på, ord som rimar og ord som gjer rytme!
Varigheit workshop: 30-40 min på kvar del. Alle grupper får prøvd begge
workshopane, og vi forsøker å kome i møte så godt som mogleg, på nivå , alder og erfaring.
Billettpris: kr. 50,- per person.
Billett inkl. workshop: kr. 150,- per person.
Fritidsklubbar kan søkje om støtte frå Kavli billettfond.