Om å føle annleis i 2015

Kor liberale og frigjorte er vi eigentleg i 2015? Gjennom fakta, fordommar og små historier som kunne vore sanne, diskuterer denne framsyninga kva det vil seie å vere homofil i Noreg i dag.

VI SOM FØLER ANNLEIS
LAURDAG 21. FEBRUAR KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Med utgangspunkt i Noregs første bok om homofili, Finn Grodals bok Vi som føler annerledes frå 1957, vil regissør Carl Johan Karlson og fire skodespelarar spinne ut historier og situasjonar som illustrerer korleis det å vere homofil formar deg. Da Grodal skreiv boka si, var homofili forbode. Slik er det ikkje lenger. Men homofile er ei minoritetsgruppe, og blir framleis trakasserte, undertrykte og utsette for vald i samfunnet vårt.

Vi som føler annleis er ikkje ei kjensleladd forteljing om HIV og AIDS, men eit alvorleg og humoristisk skråblikk på kor skapet står i dag. Vi vil møte homofile frå ulike tider, sosiologar, mor og far, ein feminin gut, ein tilsynelatande kurert homoseksuell og mange fleire. Vonaleg finn vi nokre svar på kvifor unge framleis blir sveitte når dei skal fortelje det heime, kvifor dei får juling i skolegarden og kvifor menn framleis søker nærleik i parkane.

Regissør med eigne erfaringar

Regissør Carl Johan Karlson er utdanna frå Dramatiska Institutet i Stockholm og har tidlegare gjesta Det Norske Teatret med oppsetjinga av Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre. Han er genuint oppteken av korleis seksualiteten vår, korleis den påverkar oss og samfunnet. Han har sjølv opplevd kor vanskeleg det kan vere fortelje det til foreldra sine.

Les intervju med regissøren.