Om å miste kontrollen

Demens blir omtalt som den nye folkesjukdomen, ei liding som i framtida vil krevje større ressursar enn dei fleste andre diagnosar, også kreft. Korleis er det å få konstatert Alzheimer i ein alder av berre 55 år? Korleis er det å vere blant dei som står den sjuke nær? Og korleis er det å gløyme at ein heiter Bente?

EG HEITER BENTE
NOREGSPREMIERE FREDAG 28. AUGUST KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Bente (Hildegun Riise) er 55 år. Ho er kulturell, belest, kjapp i replikken. Ho er ein akta journalist og har til og med gitt ut ei bok. Ho har eit havarert ekteskap bak seg, men har ein god venninnegjeng. Bente er nøgd med livet sitt slik det er nett no.

Ho held på med ein artikkel om høgdepunkt i livet, men etter at ho får konstatert Alzheimers, blir det venninnene som må fortelje henne at ho ikkje kan skrive for avisa lenger. Artikkelen er usamanhengande og uforståeleg. Redaktøren har prøvd å seie ifrå, men Bente reagerte så aggressivt at han ikkje tora å seie ifrå fleire gonger. Bente kastar venninnene ut i raseri, men så skjønar ho kor sjuk ho har blitt.

Bente har ikkje familie, men ein solid venninnegjeng som stiller opp for henne. Dei mimrer og skapar nye minne. Dei ler, dei drikk vin, dei er kulturelle og reiser. Bente opplever nokre av dei beste stundene i sitt liv etter at ho får diagnosen. Samstundes gjer sjukdomen at venninnenes eigne liv kjem i eit anna lys: Er dei eigentleg lykkelege? Burde dei eigentleg ha fått barn? Har dei eit godt ekteskap? Lever dei dei liva dei ønskjer?

Noregspremiere-klare Eg heiter Bente handlar om å miste kontrollen over livet sitt. Bente mistar kontrollen fordi ho blir sjuk, venninnene fordi dei ikkje klarer å manøvrere mellom sine eigne behov og andres. Ei rørande og frodig forteljing om venskap, og om korleis det er å ikkje finne vegen til kjøkkenet i sitt eige hus. Relevant for alle som framleis er i live.