Nytt stykke frå Jonas Hassen Khemiri

Kor mykje er du verd? Kor mykje er denne teaterframsyninga verd? Kva er du villig til å gjere for pengar? Kva er du villig til å sjå andre gjere – frivillig, så klart – for pengar?

≈ [TILNÆRMA LIK]
NOREGSPREMIERE 30. JANUAR KL. 17.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Alle er like mykje verde, vil du sikkert svare. Eller cirka like mykje verde. Nokre er litt meir verde enn andre. Ein direktør er verd 4000 gongar meir i løn enn ein reinhaldar, for eksempel. I ≈ [Tilnærma lik] strekker skodespelarane seg langt for at publikum skal oppleve å få valuta for kvar investerte krone i teaterbilletten.

Med mykje humor og vidd viser dramatikar Jonas Hassen Khemiri korleis det kapitalistiske systemet gjennomsyrer alt frå mellommenneskelege forhold til arbeidsmarknaden. Stykket blei opphaveleg skrive på oppdrag frå Dramaten som ønskte seg eit teaterstykke inspirert av Mary Shelleys Frankenstein. Han enda i staden opp med å skrive om eit anna menneskeskapt fenomen: Kapitalismen.

Sjå Khemiri presentere stykket på Dramaten her.

I ≈ [Tilnærma lik] møter vi eit knippe personar som på ulikt vis forsøker å tilpasse seg, manipulere eller sabotere det økonomiske systemet og marknaden. Andrej søker jobbar han ikkje er kvalifisert for. Han vil oppover på den økonomiske stigen. Peter har skjønt korleis ein som tiggar skal tilpasse bodskapen til publikum for høgast profitt. Mani studerer økonomisk historie, men har ingen pengar. Martina jobbar i ein kiosk, men drøymer om å leve som sjølvberga bonde på ein økologisk gard.

LIKSKAP & KLASSE

≈ [Tilnærma lik] gir utfordrande skildringar av korleis livet i fattigdom og i randsonene av arbeidsmarknaden kjem til syne i måten ein føler og tenkjer på, skriv postdoktor i sosiologi, Magne Flemmen.
Les heile artikkelen

KRITIKARROST FORFATTAR

Jonas Hassen Khemiri er i desse dagar aktuell med romanen Alt jeg ikke husker. Boka som blei honorert med den høgthengande svenske Augustprisen har så langt hausta knallkritikkar i norsk presse.
– Kva gjer kapitalen med oss? undrar Khemiri.
Les heile intervjuet her