Nytt stykke frå Carl Frode Tiller om kunsten å vere ein familie

Kvifor er det så vanskeleg å leve saman? Kvifor kjennest det som om alle glir frå deg medan du prøver å lage sjukt god osso buco?

 

KVEN ER REDD?
URPREMIERE 13. NOVEMBER KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Alt Bjørn vil er at familien skal ete eit godt måltid og ha det hyggeleg i lag. Men sonen – som for litt sidan var hiphopar, skater og emo – no er blitt miljøbevisst NU-ungdom og skal på møte. Dessutan et han ikkje mat som ikkje har hatt eit godt liv. Dottera skal treffe den eldre bilmekanikarkjærasten. Med kona utvekslar han ikkje stort anna enn spydigheiter og drepande replikkar. Dei har ein pågåande stillingskrig der både barn, foreldre og kollegaer blir brukte som gissel og levande skjold.
Ei hyggeleg familiestund verkar milevis unna.

Middels i alt

Dette er kvardagen i familien til Bjørn. Han er elles ein middelmådig skodespelar midt i livet ved eit middels stort institusjonsteater. Og for første gong på ti år skal han spele ei stor rolle, nemleg George i Kven er redd for Virginia Wolf? Parallellen til hans eige ekteskap er tragikomisk. Kona slutta å sjå framsyningane han er med i for fleire år sidan. Foreldra hennar, som sit godt i det og er av høgare klassebakgrunn enn han, mista interessen for kunstnarsvigersonen da dei skjønte at han ikkje var kjendis.

Identitetskrise

Bjørn vaklar mellom å kjenne seg som ein arbeiderklassegut (noko den ubehøvla faren hans er ei konstant påminning om) og sin nye identitet som moderne familiefar med stor kjærleik til utsøkt kokkekunst og den gode samtalen. Han veit eigentleg enno ikkje heilt kven han vil vere. Så kanskje han berre kan begynne å drikke?

Om mannen i førtiåra

Hovudrolla som Bjørn blir spelt av Frode Winther, som sjølv er midt i førtiår(skris)a. Første gong han las stykket, tenkte han: «Her kjenner eg meg igjen».

Les heile intervjuet med Frode her.

 

Dobbeltaktuell som mann i trøbbel

Winther er også aktuell på filmlerretet som mann med trøbbel i filmen Hevn som har premiere 6. november.

Sjå trailer for filmen HEVN her.

 

Tiller på scenen

Det Norske Teatret har tidlegare spelt to dramatiseringar av Tillers romanar, og har i lengre tid ønskt seg å spele eit splitter nytt stykke signert Carl Frode Tiller som dramatikar. Vi er stolte av å kunne presentere hans første fulllengdeteaterstykke skrive for scenen.

Tiller har tidlegare vist seg som ein meister til å skildre kommunikasjon(svikt) i nære relasjonar. Slik er det også i Kven er redd, der små ord blir harde og splittar familien meir og meir. Det er både gjenkjenneleg og mørkt, men i det gjenkjennelege ligg også mykje humor.

Når ein les Tiller, er det ikkje alltid godt å vite kven ein skal sympatisere med:
– Eg tykkjer ikkje det er interessant å skrive om folk som berre er gode eller vonde. Vi er jo alle komplekse.

Les heile intervjuet med Carl Frode her