Nytt kull på Det Multinorske

Torsdag kveld blei det klart kven som er dei heldige som skal få gå tre år på Det Norske Teatret og Høgskolen i Nord-Trøndelag si teaterutdanning for studentar med bakgrunn utanfor Europa; Det Multinorske.

Peiman Azizpour, Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Kidane Gjølme Dalva, Catharina Vu og Amina Sewali er valde ut mellom dei 45 som søkte utdanninga i år.

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Saman med Høgskolen i Nord-Trøndelag oppretta Det Norske Teatret i 2012 ei treårig utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn. Det første kullet blir uteksaminert i vår.

Utdanninga er ei fullverdig skodespelarutdanning på lik line med dei andre statlege teaterhøgskulane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad. Studentane vil ha status som studentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, med rett til lån og stipend frå Lånekassen. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret.